Gå til hovedinnhold

Senterpartiet sikrar eit budsjett for heile landet

2026 Erling Sande, stortingsrepresentant: Sogn og Fjordane
I budsjettforslaget frå Ap-regjeringa var ei rekkje forslag til distriktskutt. Det har vore avgjerande for Senterpartiet stå opp mot sentraliseringa regjeringa fyrst gjekk inn for.

– I budsjettet får vi gjennomslag for å redusere drivstoffkostnader for folk og næringsliv i heile landet. I tillegg er det ei rekke tiltak, til dømes halvering av pris på hurtigbåt, 12 timar gratis SFO i distriktskommunane og på bustadbygging, som kjem heile Norge til gode, seier stortingsrepresentant Erling Sande. 

I budsjettforslaget frå Ap-regjeringa var ei rekkje forslag til distriktskutt. Sande seier det har vore avgjerande for Senterpartiet stå opp mot sentraliseringa regjeringa fyrst gjekk inn for. 

– I fjor var det forsøk på å kutte i ferjetilbod og studielånslette ordninga. Då retta Senterpartiet opp i det. I år var det kutt i nærbutikkane, laurdagsaviser til distrikta, folkehøgskular og distriktsforskingsmidlar. Desse kutta har no Senterpartiet stoppa, seier Sande. 

Viktige gjennomslag for å sikre busetting og verdiskaping i heile landet Norge:  

  • Reduserte drivstoffkostnadar 
  • 1, 7 milliarder kroner til kommunane og 300 millioner kroner til fylkeskommunane i frie midler. Meir til eldreomsorg og skule gjennom styrka kommuneøkonomi og auka nærskuletilskot (aukast til 1 million kroner). 
  • Halvering billettpris på hurtigbåt 
  • 1 milliard kroner til sjukehusa 
  • Laurdagslevering av avis og landsdekkande dørterskelteneste gjennom Posten 
  • Styrking av nærbutikkar gjennom Merkur-ordninga 
  • 12 timar gratis SFO i sentralitetssone 4, 5 og 6 frå 1.august 2027 
  • 50 millionar til breiband i distrikta 
  • Vidareføre krav om to embetsdommere ved alle rettsstader 
  • Auka låneramme til Husbanken og oppretthalding av ordninga med bustadbygging i distrikta. 
  • Oppretthalding av midlar til forsking og utvikling av verksemder i distrikta (FORREGION) 

Relaterte saker

2026 Erling Sande, stortingsrepresentant: Sogn og Fjordane

Sp sikra stor kulturpakke

– Eg trur mange kulturfolk rundt om i Noreg no trekkjer eit letta sukk etter at Ap-regjeringa i starten av oktober svinga øksa over Kultur-Noreg, seier kulturpolitisk talsmann i Senterpartiet, Erling Sande.
Flere nyheter