Meny
Lisa Marie Ness Klungland Hans Inge Myrvold

Siste steg for gjenopning av fødeavdeling ved Kristiansund er avklara

- Sp og Ap øyremerka midlar, over statsbudsjettet for 2022 til å sikre bemanning for å gjenopne fødeavdelinga ved Kristiansund sjukehus. Denne løyvinga skulle gå til den ekstraordinære innsatsen i å styrkje og stabilisere bemanning rundt det totale fødetilbodet i Helse Møre & Romsdal, seier Lisa Marie Ness Klungland og Hans Inge Myrvold.

Senterpartiet sine medlemmer frå Helse- og omsorgskomiteen, Hans Inge Myrvold og Lisa Marie Ness Klungland vitja i byrjinga av mai helseføretaket og lokalsjukehusa ved Molde og Kristiansund for å bli oppdatert på status og framdrift. Den siste avklaringa som måtte på plass for ei gjenopning av fødeavdelinga ved Kristiansund sjukehus, var godkjenning frå Helsedirektoratet knytt til to legar med spesialistkompetanse.

- Det har frå Sjukehuset Nordmøre og Romsdal vore jobba særs godt og målretta, og ein har langt på veg lukkast gjennom intense månader med å rekruttere personell for alle dei ulike oppgåvene som eit fødetilbod krever i regionen. No kan me stadfeste at denne godkjenninga for legespesialister er på plass, og såleis ligg alt til rette for snarleg gjenopning av fødeavdelinga, uttrykjer ein strålande nøgd Lisa Marie Ness Klungland.

Hans Inge Myrvold peiker på politisk vilje og kraft frå Senterpartiet og Arbeiderpartiet gjennom tydelege målsetnader i Hurdalserklæringa, og ikkje minst den store innsatsen ein har vist i regionen og helseføretaket i å rekruttere dyktige fagfolk har vist seg være ein særs god oppskrift på resultatoppnåing

- Me gler oss no over at helseføretaket kan lansere gjenopningsdato! Ei stor takk til alle involverte som har vore med å bidrege og sikra dette tilbodet, seier Lisa Marie Ness Klungland og Hans Inge Myrvold.