Meny
Jenny Klinge (Sp) er stortingsrepresentant for Møre og Romsdal

Smerte ventar sentraliserings-forkjemparane

Det er tydeleg at det smertar somme at vi i Senterpartiet gjer som vi sa før valet. Dei neste åra byr nok på meir smerte for alle som meiner sentralisering er tingen skriv Jenny Klinge.

- av Jenny Klinge, stortingsrepresentant, Senterpartiet

I Dagens Næringsliv 14. februar angrip Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant frå Venstre, den aktive distriktspolitikken til Senterpartiet. Og DN skriv sjølv på leiarplass 7/2 at «Senterpartiet kaster domstoler under bussen for å få gjennomført distriktspolitikk».

Det er vondt og vanskeleg dette med distriktspolitikk, altså. Men ikkje for alle dei rundt om i landet som kjem til å nyte godt av at ei ny regjering med Senterpartiet og Ap er på plass.

Næringslivet har best kår der folk trivst, der det finst advokatmiljø i rimeleg avstand (som gjerne er knytt til kor det er domstolar) og der det ikkje er for langt til offentlege tenester.

Regjeringa har derfor sendt ei sak ut på høyring om å gjenoprette dei domstolane som vart nedlagte i fjor. Vi er i gang med å flytte makt nærare folk og styrke kommunane. Dette er viktig for å auke attraktiviteten og verdiskapinga i lokalsamfunn over heile Noreg.

Bjørlo drar inn i innlegget sitt at eg argumenterer for at det ikkje finst meir enn to biologiske kjønn. Dette er eit angrep som tydelegvis har som mål å latterleggjera meg, men han bidreg berre å avsløre den manglande praktiske jordinga til partiet Venstre. Toleranse er jo fullt mogleg utan å fornekte vitskaplege fakta.

Senterpartiet var den hardaste kritikaren til sentraliseringspolitikken som Solberg-regjeringa og Frp dreiv med. Det tek meir enn nokre månader å rette opp åtte år med massiv sentralisering, men vi har tenkt å halde det vi har lova. DN og Venstre får berre kvi seg på det som kjem.