Gå til hovedinnhold

Sp har store forventningar til jordbruksoppgjeret 

2022 Nils T. Bjørke, stortingsrepresentant og fylkesleder, Hordaland

Stortinget vedtok tysdag eit nytt talgrunnlag for berekning av bondens inntekt. Fleirtalet består av Senterpartiet, Arbeidarpartiet, KrF, Venstre og Pasientfokus.

– Vedtaket sikrar at vi får på plass inntektsmåling for norske bønder, som kan stå seg over tid og ligge til grunn for jordbruksforhandlingane frå og med denne våren. Årets jordbruksoppgjer må gi ei betydeleg auke i overføringane for å løfte inntektsmoglegheitene og tette inntektsgapet mellom bønder og andre yrkesgrupper, seier landbrukspolitisk talsperson i Senterpartiet, Nils T. Bjørke. 

– Auka norsk matproduksjon er viktig for beredskapen vår. Difor har det vore nødvendig at Senterpartiet i regjering har vore med på å løfte landbruksbudsjettet med 67 prosent dei tre siste åra, fortset han. 

Store forventningar til årets jordbruksoppgjer 

Senterpartiet forventar at jordbruksforhandlingane endar opp med ei avtale som styrker norsk matproduksjon og aukar sjølvforsyningsgraden. 

– Overføringane til landbruket må aukast betydeleg også i år, samtidig som politikken innrettast slik at den stimulerer til auka produksjon i alle delar av næringa, i heile landet, seier Erling Sande, leiar av næringskomiteen og representant for Senterpartiet. 

Senterpartiet har ein klar ambisjon om å tette inntektsgapet seinast innan 2027. Og understrekar at dei no forventar at Arbeidarpartiet følgjer opp den einigheita som dei hadde då dei sat saman i regjering. 

Vidare framhevar dei to Senterparti-representantane at avtalepartane sin einigheit om at det skal satsast betydeleg på Nord-Noreg må kome tydeleg fram i årets oppgjer. 

– Landbrukssatsinga i Nord-Noreg er viktig for å sikre auka matsikkerheit og beredskap, i heile landet. Vi må ta inn over oss at dette landet er stort og at landbruket i enkelte delar av landet treng ei ekstra innsats fordi det er krevjande å drive matproduksjon der – men at det er særs viktig at nokon utnyttar dei ressursane og at vi legg til rette for at dei som vil har rammevilkår som gjer det mogleg, seier Sande. 

Partiet meiner den nasjonale matproduksjonen må aukast og vil redusere avhengigheita av import. 

– For Senterpartiet vil heile tida halde fram med å arbeide for ein landbrukspolitikk som gir økonomisk tryggleik og føreseielegheit for bøndene. Talgrunnlaget er ei viktig milepæl, men til sjuande og sist handlar det om politisk vilje til å legge pengane på bordet i jordbruksforhandlingane, avsluttar Bjørke.