Gå til hovedinnhold

Sp klar motstandarar av EUs fjerde energimarknadspakke

Senterpartiet er for å bevare norsk suverenitet i energispørsmål og å styrke nasjonal kontroll over naturressursane. Vi er klare motstandarar av fjerde energimarknadspakke og kjem til å fortsette å jobbe aktivt mot denne. Kampen held fram og den skal vi vinne, skriver Sigbjørn Gjelsvik.

- av Sigbjørn Gjelsvik (Sp), stortingsrepresentant for Akershus

Senterpartiet er for å bevare norsk suverenitet i energispørsmål og å styrke nasjonal kontroll over naturressursane. Vi er klare motstandarar av fjerde energimarknadspakke og kjem til å fortsette å jobbe aktivt mot denne. Kampen held fram og den skal vi vinne! 

Ser at det frå nokre hald vert forsøkt å skape eit inntrykk av at Senterpartiet vil slå ned motstanden mot fjerde energimarknadspakke. Det er sjølvsagt fullstendig grunnlaust.

Skal vi vinne kampen mot fjerde energimarknadspakke, så må vi bygge alliansar og bruke energien på dei partia som gjev uttrykk for at dei er for fjerde energimarknadspakke (heller enn å forsøke å skape splid mellom oss som er klare motstandarar av pakka). Det tener heller ikkje saka å gje inntrykk av at det store slaget om fjerde energimarknadspakke står i morgon.

Sigbjørn Gjelsvik, Akershus.

Nokre punkter det er greit å merke seg:

• Vil Senterpartiet slå ned motstanden mot fjerde energimarknadspakke? Nei, sjølvsagt ikkje. Tvert om seier vi klart og tydeleg at vi framleis vil jobbe mot at den vert del av norsk rett.

• Ligg det til handsaming i Stortinget forslag om å stemme for fjerde energimarknadspakke? Nei, og hadde det gjort det så ville Senterpartiet stemt mot.

• Har regjeringa som Senterpartiet er del av fremja forslag om å ta fjerde energimarknadspakke inn i EØS-avtalen? Nei, tvert om så har Senterpartiet sete i regjering i over 2 ½ år utan at noko slikt forslag er fremja for Stortinget.

• Seier Senterpartiet i innstillinga at det kan vere aktuelt å stemme for fjerde energimarknadspakke? Nei, tvert om seier vi klart og tydeleg at vi framleis vil jobbe mot at den vert del av norsk rett. Det er heilt i tråd med kva eit samrøystes landsmøte i Senterpartiet også har vedteke.

• Seier Senterpartiet i innstillinga at vi vil gå inn for nokon av dei åtte direktiva og forordningane i pakka, til dømes fornybardirektivet? Nei, tvert om så vert det understreka i merknadane vi er ein del av at fjerde energimarknadspakke består av desse åtte direktiva og forordningane og at Senterpartiet meiner at fjerde energimarknadspakke ikke bør innlemmast i norsk rett.

• Er Noreg tent med på noverande tidspunkt å setje i gang ein formell prosess etter artikkel 102 i EØS-avtalen og utløyse dei tidsfristar som følgjer av denne? Senterpartiet meiner nei, men har respekt for at Rødt ser det annleis. (Det konkrete forslaget som Stortinget skal stemme over er: «Stortinget ber regjeringen legge ned veto mot at EUs fjerde energimarkedspakke innlemmes i EØS-avtalen, og meddele dette i EØS-komiteen i tråd med EØS-avtalen artikkel 102.»)

• Er det viktig å få handsama fjerde energimarknadspakke i inneverande stortingsperiode? Nei, tvert om er det gode grunnar for at saka ikkje bør handsamast før etter stortingsvalget, slik at veljerane i val kan få vite kva dei ulike partia meiner og stemme på parti som vil bevare norsk suverenitet i energispørsmål, styrke nasjonal kontroll over naturressursane – og som seier eit klart og tydeleg nei til fjerde energimarknadspakke.

• Kan fjerde energimarknadspakke verte del av EØS-avtalen utan at Stortinget har handsama den? Nei, dette er en sak som krev samtykke frå Stortinget. Det er soleis kva dei ulike partia til sjuande og sist stemmer i Stortinget som vil avgjere saka (og ikkje til dømes kva eit departement måtte meine). Vi må alle saman jobbe for at fjerde energimarknadspakke ikkje oppnår den nødvendige støtte dersom forslag om å slutte seg til kjem til handsaming i Stortinget (enten det måtte skje i denne eller neste stortingsperiode).

Då er det viktig å bygge allianser, både i ulike parti, i fagrørsla og i ulike organisasjonar. Vi står på vidare!