Gå til hovedinnhold

Treng skulebornet ditt endå mer stillesitting og teori?

Skrevet av: Erling Sande (Sp) Stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane
2024 Barn i skolehage2024 Barnehagebarn i skolehage
Høgre lanserte nyleg sin «nye» skulepolitikk. I eit forsøk på å finne løysingar for å bøte på problema Høgre sjølv har skapt, pøser dei berre på med meir Høgrepolitikk. Det blir som å sløkkje ein ulmebrann med parafin. Sanninga er at Høgres teste- og puggeskule har spelt fallitt. Det Noreg treng no, er ein praktisk, variert og motiverande skule, skriv Erling Sande.

Høgre går til val på å auke talet på naturfagstimar med éin time i veka på 8.–10. trinn, og å leggje til endå ein skuletime kvar dag (!) for dei aller minste borna. Dette kjem på toppen av dei 1359 nye skuletimane – eller to ekstra skuleår – som har blitt lagt til skulen dei siste åra. Er dette løysinga for elevar som opplever lite meistring og motivasjon? Svaret er nei.

Erling Sande er Senterpartiets 1. kandidat for Sogn og Fjordnae ved stortingsvalet 8. september

Senterpartiet vil heller løfte kvaliteten i dei timane ungane våre allereie har på skulen. Det trengst ein meir praktisk og variert skulekvardag som fremjar læring og motivasjon gjennom aktivitet. Det er nøkkelen til å auke elevane sin motivasjon og sikre betre læringsresultat. Her må vi lytte til lærarane. Dei ber om fleire ressursar til å styrkje den undervisninga som allereie skjer, og til å følgje opp kvar enkelt elev. Då må kommunane få midlar til å skape den skulen borna fortener.

Dei minste borna treng ikkje fleire skuletimar, men meir leik. Frileik er ikkje berre «leik» – det er der born utviklar språk, kommunikasjon, fysisk helse og sosiale ferdigheiter. Det fremjar òg kognitiv, emosjonell og motorisk utvikling og førebyggjer uro.

Høgres forslag om å på ny innføre strenge karakterkrav for lærarutdanningane er eit anna skritt i feil retning. Senterpartiet har i regjering lukkast med å snu den negative trenden med fallande søkjartal til lærarutdanningane ved å fjerne rigide karakterkrav og opne for lokale opptak. Dette har gitt fleire motiverte søkjarar til lærarutdanningane.

Norsk skule står ved eit vegskilje. Skal vi få eit gjensyn med den feilslåtte oppskrifta på meir testing, teori og pugging? Eller skal vi satse på ein praktisk, variert og motiverande skule som gir alle elevar moglegheit til å lukkast? Senterpartiet meiner vi må byggje ein skule som set elevane si meistring og læring i sentrum – ein skule som ikkje berre måler resultat, men som skapar dei gjennom engasjement og aktivitet. Fleire elevar som ikkje meistrer skulen må kunne få oppleve meistring gjennom litt tid i ei bedrift eller anna yrkesretta aktivitet.

Høgreskulen høyrer fortida til. Senterpartiet vil utvikle ein framtidsretta skule til det beste for born og unge i heile landet.