Gå til hovedinnhold

Sp krev endringar i helseføretaksmodellen – demokratisk styring og ny finansiering må på plass

helsebygg---eldre---omsorg_26331474159_o
Senterpartiet sitt landsmøte vedtok laurdag at dei vil ha meir folkevald styring over helseføretaka, skilje mellom investeringar og drift og ha meir stadleg leiing ved norske sjukehus.

For vidare spørsmål

− Helseføretaksmodellen må endrast. Vi i Senterpartiet går inn for å skilje mellom investeringar i bygg og medisinsk-teknisk utstyr og drift i form av behandling, pleie og omsorg. Tiltrengt oppussing og nybygg må skje på same tid som vi sikrar eit godt behandlingstilbod, seier Hans Inge Myrvold, helsepolitisk talsperson for Senterpartiet.

Senterpartiet vil og ha reell stadleg leiing ved sjukehusa, betre samhandling med kommunehelsetenesta og styrka demokratisk styring av dei regionale og lokale helseføretaka gjennom representasjon frå fylkestinga.

− Vi vil styrke nærleiken til norske sykehus. Det vil vi gjere gjennom at leiarane skal vere tilstades og at representantar som er vald av folket skal vere med på styringa av helseføretaka, seier Myrvold.

Relaterte saker

helsebygg---eldre---omsorg_26331484549_o
Helse og omsorg

Norsk helsevesen og velferdsmodell må sikrast

Senterpartiet  har sidan innføringa av helseføretaksmodellen vore sterkt kritisk til korleis modellen styrer spesialisthelsetenesta. Helseføretaksmodellen set bedriftsøkonomi og målstyring øvst, medan Senterpartiet meiner at sjukehusa igjen må bli til for innbyggjarane og pasientane og vil gjennomføre konkrete endringar for å sikre demokratisk forankring i styring av sjukehusa, redusere marknadstenkinga og sikre fagleg skjønn, leiing og kultur.
Flere nyheter