Kommunevalprogram Ål Senterparti 2023 - 2026
Forvaltning av fellesverdiane
Me vil at heile Ål-samfunnet skal ha nytte av kraftinntektene våre. Difor vil me bruke desse til gode kommunale tenester, redusere kommunal gjeld, framtidsretta investeringar, Enøk-tilskot, og rabattordningar til hushald og næringsliv når straumprisane er høge.
| Kommunestruktur | Klima, miljø og arealforvaltning | Bustadkommune| Næringskommune | Helse | Oppvekst, kultur og fritid | Barn og unge |
- Halde på Ål som sjølvstendig kommune. Interkommunalt samarbeid er ein betre måte enn kommunesamanslåing for å byggje gode lokalsamfunn
Klima, miljø og arealforvaltning – Me vil:
- Framleis ta vare på dei unike naturverdiane våre i skog og fjell med jakt og beitebruk og evigvarande moglegheiter for opplevingar, rekreasjon og berekraftig næringsutøving.
- Forvalte Nordfjella slik at villreinen har gode levekår når stamma skal reetablerast.
- At kommunen gjer klimavenlege val innan bygg og anlegg
- Verne om utmarksbeite, og ha nullvisjon for nedbygging av dyrka jord
- At eldre reguleringsplanar og hyttetomter skal vurderast på nytt i samband med rullering av kommuneplanen sin arealdel.
- At det ikkje skal opnast for nye hyttefelt i perioden
- Utvide gang- og sykkelnettet mellom bygdene
- Sikre og utvikle likeverdige kommunale tilbod som skule, barnehage, symjebasseng og fiber i heile kommunen
- Sørgje for varierte bualternativ i heile kommunen, og arbeide for at dei som ynskjer å bygge i grendene får høve til det
- Realisere planlagde bustadtomter i komande periode
- Auke bruken av startlån til kjøp eller tilpassing av eigen bustad, og gje kommunalt tilskot til fyrstegongsetablering
- Halde oppe buplikta
- Styrke arbeidet med å rekruttere og behalde folk i kommunale stillingar
- Arbeide for god tilrettelegging for nye innbyggjarar både i arbeid og på fritida
- Når kraftinntektene er gode, vil me halde ein låg sats på eigedomsskatten
- At kommunen bidreg til eit allsidig og berekraftig næringsliv
- Arbeide for god tilrettelegging og utvikling av næringsområde som i Kleivi, Torpomoen og Torpo Næringspark
- Utvikle næringsområdet på Busemoen i komande periode
- At Ål framleis skal vere ein sterk og aktiv landbrukskommune
- Halde fram ordninga med tilskot til nydyrking
- Styrke utmarksoppsynet
- At landbrukseigedomar ikkje skal overtakast av aksjeselskap
- Unngå å dispensere frå overordna planar
- At Ål skal vere ein sterk helsekommune
- Arbeide for nok sjukeheimsplassar og omsorgsbustadar som kan tilpassast ulike behov
- Styrke heimetenesta
- Vidareutvikle velferdsteknologi som eit brukartilpassa tilbod i sektoren
- Auke grunnbemanninga i sektoren og satse på lærlingar som ein viktig ressurs for rekruttering
- Ha eit tenleg behandlingsbasseng
- Halde velferdstenestene under offentleg styring
- Hallingdal Sjukestugu skal vere ei fyrlykt for eit avansert og desentralisert helsetilbod
- Bruke Hallinghelse som ein aktiv medspelar for å utvikle helsearbeidet
- Auke medvitet rundt tobakk og rusmidlar
Oppvekst, kultur og fritid - Me vil:
- Halde på ein desentralisert skule- og barnehagestruktur. I møtet med mindre barnekull må fådeltpedagogikk få større rom innan kompetansehevinga for lærarane.
- At Familiens Hus må ha kompetanse og økonomi til å møte utfordringane ein ser i barne-, ungdoms- og familielivet
- Gå inn for at skulemat skal ha ein plass i skulekvardagen
- At praktisk tilrettelegging av fag og Ungt entreprenørskap vert styrka
- At kulturhuset skal vera ein møteplass i lokalsamfunnet til bruk for kulturskule, kino, ungdomsarbeid, bibliotek og større og mindre kulturopplevingar
- Styrke arbeidet med folkemusikk og tradisjonsdans både lokalt og regionalt, og arbeide for å opprette stillingar innan feltet
- Arbeide for å få meir desentralisering i nye Buskerud Fylke mellom anna med eit fylkessenter for kultur eller naturforvaltning lagt til Ål
- Halde på nynorsk som administrasjonsmål i Ål
- At kommunen skal vere ein aktiv og betydeleg samarbeidspartnar og bidragsytar til idrett, lag og kulturliv ved arrangement og drift
- At frivilligsentralen og ungdomsfrivilligsentralen skal ha ei viktig rolle i det frivillige- og kommunale Ål
- Sikre kyrkja gode driftsvilkår
- At det skal vera nært samarbeid mellom kommunen og dei som driv frivillig arbeid for å sikre eit allsidig tilbod. Tilbodet må vera for alle uavhengig av økonomi.
- Styrke BUA slik at ordninga kan møte etterspurnaden
- Samarbeide tett med politiet for å avdekke og motverke rusproblematikk. Det førebyggjande arbeidet mot narkotika må styrkast.
- Styrke helsetilbodet for ungdom og unge vaksne. Denne gruppa må ha eit velfungerande helsetilbod med fleksible opningstider.
- Bruke ungdomsrådet som ein aktiv samarbeidspart