Skal Hol kommune nå målet om 5000 innbyggjarar i 2030 og være ein attraktiv kommune å jobbe og bu i, må utviklinga skje i eit nært samarbeid mellom kommunen sine innbyggjarar, folkevalde og administrasjonen. Vi er ein stolt nasjonalparkkommune, og omsynet til natur og miljø må sette rammer og legge til rette for både innbyggjarar, tilreisande og næringsliv.
| Bærekraft og samfunnsansvar | Helse, omsorg og beredskap| Oppvekst og kultur | Næring, reiseliv og landbruk | Kraft| Samferdsel | Kommunal forvaltning og tillitsløft | Regionalt samarbeid |
Bærekraft handlar om å leve på ein måte som gjer at vi får det vi treng, utan å øydelegge for framtidige generasjonar, slik at dei også skal få dekka sine behov. Tre områder er viktige for at vi skal vere bærekraftige: Miljø, økonomi og sosiale forhold.
Hol Senterparti vil arbeide for:
- At utbyggingstakten på fritidsbustader må ta vare på urørt natur og naturtyper, og gi lokale entreprenørar og handverkarar større del av utbyggjinga
- Å etablere ein gjenvinningsstasjon i Kleivi inspirert Sirkula på Hamar
- Å regulere turisttrafikken til lite sårbare områder og områder som toler belastninga. Dette for å skåne sårbar natur, dyreliv og å ta vare på beiteinteressene
- Ivareta nærmiljøa og legge til rette for nærturar rundt om i kommunen som lågterskeltilbod både for innbyggjarar og tilreisande – enkle grep for bedra folkehelse
- Støtte oppunder lokalproduserte varer og tenester (lokalmat/produsentar med meir.)
- At nybygg i kommunal regi fortrinnsvis skal byggjast i tre
Ein landsdekkande mangel på tilsette innafor helse og omsorg, krev gode løysingar for å sikre gode, kommunale tenester. Hol Senterparti meiner godt arbeidsmiljø er viktig for at tilsette vel å stå i ein krevjande arbeidskvardag, og at dette er viktigare enn å sentralisere tenester og danne såkalla «robuste fagmiljø». Dei beste tenestene blir til nær folk, av menneske som trivast i jobben sin og som skaper tryggleik, både for brukarar og pårørande.
Hol Senterparti vil arbeide for:
- Å utvide og renovere Geilotun bo- og behandlingssenter til tidsriktig standard med nødvendig kapasitet
- Å etablere eit felles beredskapssenter for alle nødetatar, legesenter og legevakt og om mogleg heimetenesten. Heilskapleg utvikling av kommunale tenester, bygg og tomter i Trekanten på Geilo
- Å vidareføre Hol brann- og redningsteneste med stasjonar og vakter på Geilo og i Hol, for å behalde beredskap, kapasitet og kompetanse
- Å arbeide for å utvide opningstidene på Hol polititenestestad og auke det førebyggjande arbeidet og nærværet til politiet i kommunen
- Ha likeverdige tilbod ved Geilotun og Høgehaug bu- og behandlingssenter
- Behalde og rekruttere sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og anna nødvendig fagpersonell, ved å tilby arbeid under utdanning mot ei bindingstid
- Å introdusere ungdom i vidaregåande skulealder til helse- og omsorgsyrka med feriejobbar slik dei til dømes gjer i Aure kommune i prosjektet «Ung i Omsorg»
- At skulehelsetenesta må dimensjonerast for å møte utfordringane hjå barn og unge i dag
- Å renovere og byggje mange nok omsorgsbustader og tilrettelagte bustader med tidsriktig standard
- At velferdssentra skal vere sosiale lågterskeltilbod for dei eldste innbyggjarane i kommunen
- At Frivilligsentralen skal kunne organisere praktiske tilbod i heile kommunen, for alle aldre og etter funksjonsevne
- Arbeide for fortsatt tilbod ved Hol legesenter
For å ha levande lokalsamfunn, leggje til rette for auke i folketalet og gode bumiljø, er det viktig med desentraliserte tenester. Hol Senterparti ynskjer å legge til rette for at barnehagar, skuler, bibliotek og kulturaktivitetar, er tilgjengeleg i heile kommunen
Hol Senterparti vil arbeide for
- Å vidareføre skule- og barnehagestrukturen, og vere positive til etablering av alternativ barneskule i Skurdalen
- Å byggje eit tidsriktig og formålstenleg skulebygg for barnetrinnet ved Geilo barne- og ungdomsskule, og ruste opp skule- og idrettsområdet etter klart definerte behov og ein heilskapleg plan
- At Skarveskula held fram med å formidle natur og kulturhistorie til barn og ungdom som veks opp i kommunen
- Å tilby barnehageplass der borna bur, og om nødvendig utvide kapasiteten i eksisterande barnehagar der arealet er stort nok til dette
- At kommunen kan tilby barnehageplass til alle barn frå dei fyller eit år
- At kommunen oppfyller vedtak om 3 lærlingar pr 1000 innbyggjar og tilbyr skoleungdom sommarjobb
- Å etablere ein treffstad som ungdommen sjølv får planleggje og bestemme utforminga av
- Å arrangere ei årleg messe for kommunen sine frivillige lag og organisasjonar, for å vise fram deira aktivitetar med mål om auka deltaking og fleire medlemar
- Å følgje opp råd frå rapporten «Kultur og fritid i Hol kommune», mellom anna revidere «Kommunedelplan for kultur og fritid» i perioden for å sikre eit ambisjonsnivå som står i forhold til løyvingane
- At frivillig ungdomsarbeid må få nytte kommunale ressursar til drift rundt i kommunen
- At støtte til lag og organisasjonar vidareførast, men fordelinga skal vurderast
- Å utvikle BUA sitt tilbod, slik at det fysisk når alle deler av kommunen
- Å vurdere og etablere eit fond som grendeutval og frivillige organisasjonar kan søke eigenkapital frå
- Å støtte opp om initiativ til å fullføre Geilo Kulturkyrkje med eit natur- og kultursenter
- Å sikre finansiering av vedlikehald og aktivitetar i kyrkjene i kommunen. Desse er vår kulturarv og må takast vare på.
- At kommunen styrkjer det førebyggjande arbeidet og tidleg innsats nå som innføring av ny barnevernsreform fører til at kommunen har fått fullt økonomisk ansvar for ordinære fosterheimar
For å nå målet om 5000 innbyggjarar i Hol kommune i 2030, treng vi eit breitt utval av arbeidsplassar. Kommunen skal være ein konstruktiv støttespelar for det private næringslivet. Hol kommune bør både være vertskap for og ha fleire arbeidsplassar i dei interkommunale samarbeidsfora vi deltek i. Reiselivet som vår største næring må framsnakkast som arbeidsplass, og landbruket med produksjon basert på lokale ressursar vidareutviklast.
Hol Senterparti vil arbeide for
- At kommunen skal tilsette ein eigen «Bu - lyst» koordinator – kommunen treng meir arbeidskraft!
- Å ha attraktive næringsareal i alle grender, og at kommunen må vere ein konstruktiv samarbeidspartner i dette arbeidet
- At utvikling av arealbruken må sjåast i samanheng med at vi er nasjonalparkkommune
- At reiselivet skal ha gode rammevilkår, men andre næringar skal og sikrast for å auke breidda i næringslivet
- Å bidra til å vidareutvikle fagskuletilbodet i kommunen med studieretningar relevant for privat og offentleg sektor
- Å etablere månadlege dialogmøte mellom politisk og administrativ leiing i Hol kommune og Visit Geilo
- Å følgje opp buplikta tett for å sikre at bustader brukast av fastbuande
- Å vidareføre teskot til fyrstegongsetablerarar på 200 000kr
- Å ta vare på dyrka og dyrkbar jord og sikre gode rammevilkår for matproduksjon basert på lokale ressursar
- At kommunen følger opp vedtatt beitebruksplan
- Å følgje opp kommunens bandtvangbestemmelsar ved omfattande opplysningsarbeid/skilting av bandtvang - reglar og styrking av oppsynstenesta
- Å vedta hensiktsmessig, ny organisering av Hol fjelloppsyn for å ta vare på viktige oppgåver knytt til natur- og utmarksoppsyn
- Full mobildekning og fiberbreiband i heile kommunen
- At det ved kommunale anbod i størst mogleg grad skal brukast lokale leverandørar
- At sti- og løypenemndene skal ha forutsigbare økonomiske rammer. Kommunen skal bidra, men vi forventar at næringsdrivande og andre som nyter godt av tilbodet, også bidreg
Det blir produsert store mengder vasskraft i Hol kommune. Som vertskommune for slik straumproduksjon blir vi kompensert med konsesjonskraft. Denne skal komme kommunen sine innbyggjarar til gode.
Hol Senterparti vil arbeide for
- Å sikre kommunen sine kraftinntekter
- At konsesjonskrafta skal gi næringslivet og innbyggjarane gunstige straumpriser og insentiv til ENØK tiltak
- At ENØK fondet for innbyggjarar skal bidra til å redusere straumbruken og at dette må halde fram i perioden
- Å etablere gratis ENØK lån for næringslivet der Hol kommune saman med bank og tilbyder av energiløysingar bidreg til å realisere effektive prosjekt
- At det kan gjennomførast ENØK–tiltak og vurdere bruk av alternativ energi i kommunale bygg
- At etablering av eit Energiråd vurderast. Rådet skal rapportere til formannskapet kring saker som omhandlar kommunen sine kraftressursar og -selskap
Mjuke trafikantar må sikrast trygge ferdselsårer, og kollektivtilbod må leggjast til rette med trygge stoppeplassar. Jernbanen bør vere det prioriterte transportmiddelet for tilreisande til vår kommune.
Hol Senterparti vil arbeide for
- Trygg skoleveg – både busstopp og av/ påstigning ved skulane våre
- Etablering av gangveg Brattåker – Djupedalen. Kommunen må gjennomføre reguleringsplan for området
- At Rv 7, Fv 40 og Fv 50 skal vere vintersikre vegar med god standard
- Å utarbeide ein overordna trafikkavviklingsplan for Geilo sentrum
- Auka parkeringskapasiteten på Geilojordet. Dette må ikkje skjemme ut sentrumsbilete eller dette flotte området
- Å følgje opp trafikksikkerheitsplanen og utføre tiltak. Skule- og barnehageområda må prioriterast, og planen må reviderast jamleg
- Å sikre trygg og god parkering, ferdsel og kryssing rundt Hol kyrkje og museum på Hagafoss
- Å gi støtte til private gardsvegar på over 2 kilometer som fører til bustadhus
Kommunal forvaltning og tillitsløft
Kommunen sin revidering av kommuneplanens arealdel skal vedtakast i komande valperiode. Vi må sikre at vi ikkje byggjer ned det produktet vi lever av, og prioritere areal i Geilo sentrum til bustader for fastbuande. Grendene i kommunen må ha tilstrekkeleg areal for bustad- og næringsutvikling. Kommunen skal være ein medspelar, og tek du kontakt med Hol kommune skal du få eit ordentleg svar innan rimeleg tid!
Hol Senterparti vil arbeide for
- Å bidra til opne prosesser og god samhandling, og slik styrke samarbeidet mellom politikarar, administrasjonen og innbyggjarane i Hol
- At ein gjennom nært samarbeid mellom folkevalde, administrasjon og tilsette, finne måtar som reduserer byråkrati og gir meir ansvar til dei som utfører kommunale tenester. Mindre måling og kontroll, og meir tillit og ansvar!
- Vedta ny arealdel i kommuneplanen som legg til rette for bustad- og næringsutvikling, og sikrar arealnøytralitet i utbygging av fritidsbustader
- Å ta i gjennomgang av delegeringsreglementet for å sikre politisk styring og kontroll
- At eigedomsskatten skal bidra til å dekkje fellesgodefinansiering, men må i større grad reflektere reell verdiforskjell mellom fritidsbustad og fast bustad
Hol Senterparti meiner innbyggjarane i Hallingdal vil få dei beste offentlege tenestene ved å behalde 6 sjølvstendige kommunar i dalen. Regionalt samarbeid skal nyttast på områder kommunane finn mest hensiktsmessig, og kvar samarbeidet vil gi oss tilbod vi ikkje klarer å tilby aleine.
Hol Senterparti vil arbeide for
- Realisering av Campus Hallingdal som vil kunne gi eit høgare utdanningstilbod med vitskaplege tilsette og universitetscampus i Hallingdal
- Å få tilbake uropatruljen i politiet for effektivt å kunne førebyggje narkotikabruk, samt bidra positivt i ungdomsmiljøet i Hallingdal
- At kommunen framleis nytter tenester ved Hallingdal sjukestugu og i Hallinghelse godt, og slik oppretthalde best mogleg tilbod til innbyggjarane
- Å få Ringeriksbanen på skinner!
- Ei satsing på vedlikehald av fylkesvegnettet
- Å sikre at Regional klimakoordinatorstillinga blir brukt til praktisk hjelp for innbyggjarane/næringsliv
Sentralt i Senterpartiets verdigrunnlag er at ein ynskjer å byggje samfunnet frå botn gjennom eit breitt og levande folkestyre. Vi ynskjer å arbeide for eit samfunn med små sosiale, geografiske og økonomiske forskjellar. Rettferdig fordeling, små forskjellar og sosial tillit, heng saman. Senterpartiet vil vidareutvikle eit livskraftig næringsliv og eit godt, likeverdig og offentleg tenestetilbod i heile Norge, uavhengig av kvar ein bur. Vi er imot ein uhemma markedsliberalisme, og løfter fram folkestyret og blandingsøkonomien som alternativ.