Meny

Leiing

Aktuelt i
Sirdal

Program for Sirdal SP

Program for 2023 - 2027

 

I Sirdal ligg alt til rette for å ha det godt! Store kraftinntekter har sikra ein god kommune-økonomi dei siste åra. Kraftinntektene vil nok gå noko ned, men likevel har me eit godt utgangspunkt i Sirdal. Utfordringa er å auke innbyggartalet, og ha liv i alle grender. Me må vere attraktive, og ha godt tilbod av arbeidsplassar og gode å trygge oppvekst- og levekår.

Innbyggarane våre treng forutsigbarhet, og det kan dei få ved at kommunen vedtar planar som viser strategi og mål dei neste åra. Skal ein starte nye ting, er det grunnleggande at det blir føretatt konsekvensutredning før ein startar opp. Sirdal SP trur på openheit og gode politiske prosessar, og ikkje lukka politiske grupper. Når folkevalde skal gjere gode vedtak, treng me gode saksutredningar og innbyggardialog ved overordna planar. Det må vere gode prosessar der politikarane vedtar dei overordna måla, og administrasjon og fagfolk setter det ut i livet. Tenestene i Sirdal skal fortsatt ha gode rammevilkår. Og med tillit til einingane og administrasjon, skal dei gje innbyggarane gode tenester.

Norge har klimamål, som både kommunar og innbyggarar må vere med å bidra til om ein skal klare å nå desse innan 2030. Politikken i Sirdal må også ta innover seg FN`s berekraftmål, når ein skal legge til rette for god livskvalitet for alle, uansett alder og bustad. Sirdal Sp vil satse på førebygging på mange områder og tenester.  

I eit lavutslippssamfunn må vårt energiforbruk basere seg på fornybar energi. Den varige løysningen på energikrisen er at vi produserer mykje meir fornybar kraft frå vatn, vind og sol, så prisene i framtida kan vere låge og stabile for folk og bedrifter. Sirdal Sp vil vere positive til at lokale prosjekt skal få legge fram førehandsmelding.

  • Støtte til f.eks installasjon av solcelleanlegg på hustak/landbruksbygg, biogass  eller anna fornybar energi
  • Energieffektivisering. Støtte til andre enøk tiltak, fond som skal gå til enøk tiltak
  • Spredt bustadbygging, tomter i heile kommunen
  • Innbyggardialog, gjerne i grendeutval
  • Klimabudsjett

 

Oppvekst og ungdom

Trygge oppvekstvilkår er eit vilkår når folk busett seg. Sirdal Sp meiner me forsatt skal ha to barnehagar og to skular i kommunen, med ansatte som har riktig kompetanse, og kan bruke naturen i undervisninga. Sikre meir lek for 6-åringane som begynn på skulen. Læring og mestringopplevingar skal gje robuste barn og unge, likevel ser me i undersøkingar at fleire er einsame. Det må vere ulike tilbod for alle, både kultur og fritidstibod.

  • Gode vilkår for lag og foreningar, og ulike brukergrupper
  • Treningsenter for alle
  • Kollektivtilbod, gratis for barn og ungdom i heile Sirdal- lettere sosiale treff
  • Møteplassar  og lavterskeltilbod
  • Aktvitetskort/ungdomskort
  • Vurdere skulemåltid 
  • Bibliotek som møteplass og kulturarena
  • Rimelig kulturskule
  • Mekkeverksted
  • Hindre utenforskap
  • Trygg skulevei, følgje opp trafikksikkerhetsplanen, bla gang- og sykkelstiar

 

Omsorg og helse

God folkehelse lønner seg. Det påvirker alle samfunnsområder. Alle må ha like muligheter til å ta vare på sin eigr helse. Derfor må vi prioritere helsefremmende tiltak på alle samfunnsområder. Senterpartiet vil gjere folkehelse til en naturlig del av samfunnsplanleggingen der folk bur og møtes.

Norge har sluttet seg til FNs bærekraftsmål, hvor mål nummer tre er å «sikre god helse og fremme livskvalitet for alle, uansett alder». Dette fordrer reduksjon i livsstilssykdommer som overvekt og fedme, muskel- og skjelettsykdommer, diabetes, kols, kreft og hjerte- og karsykdommer, reduksjon i smittsomme sykdommer og god håndtering av pandemiutbrudd og antibiotikaresistens.

Senterpartiet vil at flest mulig skal ha tilgang til og ha mulighet til å drive med friluftsliv. Det skaper trivsel, gir bedre helse og en større forståelse for hvor viktig det er å ta vare på naturmiljøet.

  • Førebygging
  • Folkehelsekoordinato
  • Demenskoordinator og demensteam, også fylgje opp pårørande.
  • Gjennomgangsbustader
  • Støtte om ein bygger med  utleigeleiligheit, trenger utleigeobjekter
  • Frisklivssentral
  • Kulturelle møtestader og nærmiljøanlegg i heile kommunen
  • Heimesjukepleie for alle
  • Velferdsteknologi
  • Trim og mosjon på dagsentra
  • Eiga legevaktordning og ei god jordmorteneste
  • Fremme friluftslivet, blant annet gjennom økt støtte til turstiar, turveier, avkjørsler, parkeringsplasser, toaletter, informasjonstiltak og friluftsaktivitetar.

 

 

Landbruk

Dei neste åra står det norske landbruket overfor mange nye krav. Me vil i åra som kjem stå ovanfor eit generasjonsskifte i Sirdal, og det er viktig at dei unge veit at kommunen vil gje dei gode tilhøve å satsa under.

Norske bønder har laga en avtale med staten om å kutte sine klimagassutslipp enda mer. Senterpartiet meiner at me skal stå saman om denne viktige jobben og vil gi bøndene støtte til å gjere klimagrep som fungerer, og som samtidig sørger for at me blir meir sjølvforsynt med mat.

Sikre landbruksnæringa målretta tilskotsordningar, justere satser i regelverket, og god rådgjevingstenesete

 

  • Stimulere til lokalprodusert mat- bærekraftig
  • Auka satsinga på skogbruk og treplanting for å binda meir CO2
  • Tilskot til landbruksveier

 

Næring

Sikre høghastighetsbreibånd til alle uansett kor du bur. Digitalisering må brukas til å desentralisere, ikkje sentralisere
– Styrke etter- og videreutdanning i distriktene. Også gode stipendordninger
 

  • Lokal og berekraftig næringsutvikling
  • Målretta Sirdalsgoder, og gode ordningar i Sirdalsvekst
  • Godt utbygd lademuligheter for el.biler/busser
  • Kommunale bustadtomter klare i heile kommunen
  • Meir inntekter på vedvarande høge straumprisar, må ein fortsette å bruke det på innbyggarar og næring.
  • Tilrettelegge for kontorfellesskap-kan bu i Sirdal, men arbeide for firma anna plass
  • Legge til rette for fortsatt bruk av hytter, då det kan gje meirinntekter til kommunen.

 

 

Reiseliv og kultur

Sirdal er ein reiselivskommune. Med aukt satsing på heilårsturisme kan det bli stadig fleire arbeidsplassar. Vertskommunerolla må ivaretakast.

For å vera ein attraktiv kommune, og ha god stadutvikling, kan reiselivet vere ei drivkraft. Kulturlivet er også viktig for busetting, kan gje tilhørigheit.

  • Satse på Sirdal fjellmuseum, og inngangsportalen til Heibergheiane (jmf. samfunnsdelen)
  • rasteplassar, og store informasjonstavler på innfartsvegane
  • bubilturisme

 

Sirdal Sp vil ha fokus på ei berekraftig utvikling av kommunen. Me har svært gode muligheter for å legge til rette for nye arbeidsplassar og bulyst. Me vil fylgje opp planer som er vedtekne, for å gje gode tenester og levekår, som strategiplan for helse og omsorg.

God beredskap er viktig for at innbyggarane kan føle seg trygge.  Tilstedeverande politi, ambulanse og helsetenester i hele Sirdal slik at alle kan føle seg trygge.