Gå til hovedinnhold

Program 2023-2027

Hender omsorg

GRUNNSYN
I Valle gjev kommunen gode tenester som skapar tryggleik og trivsel. Her er det godt å leve og bu. Saman skapar me eit samfunn som gjev folkevekst og fleire arbeidsplassar.

ORGANISASJON
Organisasjonen Valle kommune skal vere open, imøtekomande og på lag med innbyggjarane.

Me skal arbeide for:
• at Valle kommune skal vere eit regionalt kraftsenter for areal- og planarbeid 
• at Valle kommune skal ta godt imot nye innbyggjarar, og leggje til rette for trivsel og deltaking i lokalmiljøet.
• å leggje til rette for lokale innkjøp av varer og tenester der det er mogleg
• fleire lærlingar inn i kommunale etatar

BARNEHAGE, SFO OG SKULE
Me skal ha gode barnehagar og skular, som spelar på lag med foreldra. Barna skal oppleve tryggleik og meistring, og få utnytta potensialet sitt.

Me skal arbeide for:
• gratis barnehage
• å vidareføre kommunalt utdanningsstipend, og innføre dette for lærlingar • betre bemanning i skule, SFO og barnehage, og høg kvalitet i opplæringa

NÆRMILJØ OG BUSTAD
Valle kommune skal vere ein attraktiv kommune å bu i, med eit breitt bustadtilbod, sosiale møteplassar for alle og eit triveleg nærmiljø.

Me skal arbeide for:
• tilskot på 500 000 kr ved byggjing av ny bustad.
• 10% tilskot til renovering ved kjøp av eksisterande bustad
• å etablere flytande badstoger i kommunen
• å utvikle og etablere turløyper og nærmiljøanlegg
• ein bustadpolitikk med moderne og energieffektive kommunale leilegheiter.

KULTUR OG FRITID
Valle kommune skal ha eit stort mangfald innan kultur– og fritidstilbod for alle aldersgrupper som gjev trivsel og bulyst.

Me skal arbeide for:
• å realisere Setesdal stavkyrkje på Rysstad, og ha mål om nasjonalt kompetansesenter for mellomalderbygningar på Bjugsbakk.
• å styrkje satsinga på lokal kultur og å utvikle UNESCO-satsinga
• gode skiløyper i Brokke og på Bjørnevatn, og vidareføre sponsing av årskort i Brokke
• styrkje ungdomsklubben og kulturskulen

SAMFERDSLE
Valle skal ha tilbod om breiband i heile kommunen, trygge ferdselsårer for mjuke trafikantar, gode kommunale vegar og lokale skyssordningar.

Me skal arbeide for:
• gode høve til motorferdsle i utmark
• etablering av lokale skyssordningar, spesielt innretta for ungdom og eldre 
• gang- og sykkelveg frå Nomeland til Flårenden
• vegar av god kvalitet mot aust og vest

HELSE, PLEIE- OG OMSORG
Valle skal ha gode omsorgs- og helsetenester med vekt på både psykisk og fysisk helse. Innbyggjarane skal få god hjelp både heime og på institusjon.

Me skal arbeide for:
• ambulerande vaktmeistarteneste for heimebuande som treng det 
• å styrkje fysioterapitenesta med frisklivssentral
• god eldreomsorg på bygdeheimen og for heimebuande
• å vidareføre to lærlingplassar innan helse – og omsorgsfaget

NÆRING, NATUR OG RESSURSAR
Valle skal ha ei heilskapleg og framtidsretta natur- og ressursforvaltning som tek omsyn til lokale behov. Kommunen skal leggje til rette for nye verksemder og utvikling av eksisterande.

Me skal arbeide for:
• at lokalsamfunnet vert høyrde i heieplanar/arealforvaltning
• heilskapleg og framtidsretta sentrumsutvikling på Rysstad og i Valle
• leggje til rette for å bruke lokale verksemder i kommunale prosjekt
• leggje til rette for å utvikle nye industri- og næringstomter
• ei tilskotsordning for rydding av innmarksbeite og gode landbrukstilskot 
• at Valle er regionalt administrasjonssenter for verneområda, og ein medspelar i oppbyggjinga av eit naturvitskapleg fagmiljø.