Gå til hovedinnhold

Senterpartiet er garantisten mot EU og for nasjonal kontroll med krafta

Sigbjørn Gjelsvik
Skrevet av: Sigbjørn Gjelsvik
Akershus
52 Strøm
Innlegg i Klassekampen 6. august 2025

I innlegget "Dører må opnast og laget må samlast" tek Fredrik Tønnesen frå SV i Klassekampen 31. juli til orde for samarbeid mellom Senterpartiet, SV og Raudt i energipolitikken. 

Senterpartiet har vore krystallklåre – både i og utanfor regjering – på at norsk energipolitikk skal styrast frå Norge. Det er difor vi har kjempa mot Acer, mot overnasjonal styring, og for å sikre at norske straumprisar og straumflyt skal avgjerast av norske politikarar og ikkje av EU-byråkratar.

Tønnesen peikar på at Senterpartiet ikkje får fleirtal åleine. Det er heilt rett. Men det er òg rett at vi har vore og er den mest konsekvente krafta mot overstyring frå EU i energipolitikken. Eg vil minne Tønnesen om at SV-leiar Kirsti Bergstø ynskte å gå inn i regjering med AP då Senterpartiet gjekk ut. Medan Senterpartiet var krystallklare på at det var heilt uaktuelt å sitte i ei regjering som fremja forslag om å starte innføring av EUs fjerde energimarknadspakke i Noreg, så valde SV altså ei heilt anna linje. På direkte spørsmål trakk Bergstø fram andre saker som dei viktigaste for SV. Det er også mi erfaring etter å ha samarbeida og forhandla med SV i mange ulike samanhengar opp igjennom åra. 

Vår partileiar Trygve Slagsvold Vedum har vore krystallklar på at det er uaktuelt for Senterpartiet å støtte framtidige statsbudsjett frå Arbeiderpartiet hvis dei overfører meir energimakt til EU. Arbeiderpartiet kan altså ikkje basere seg på støtte frå oss til statsbudsjetta, for i neste sving å alliere seg med Høgre om å innføre resten av fjerde energimarknadspakke. Det er slik tydeleg tale som er avgjerande dersom vi skal vinne kampen om EU-direktiva. Politisk polemikk og spel om kven som skal bekle ulike posisjonar i regjeringa er underordna, og kan i verste fall bidra til å dra fokus bort frå det som er sentrale – korleis vi skal sikre nasjonal styring og kontroll over krafta og energipolitikken.


Senterpartiet vil ikkje godta direktiv som påfører norske husstandar og kommunar enorme kostnader, og vi vil ikkje vere med på å byggje ned den komparative fordelen norsk industri har hatt gjennom stabile og låge straumprisar. Det er ikkje berre noko vi seier - det er noko vi har vist i praksis. Vi har levert forslag i Stortinget, mobilisert opinionen og sett saka høgt på dagsorden i valkampen. Vi er glade for at andre parti, som SV og Raudt, er samde med oss i mykje av dette. Men viljen til å ta kampen heilt ut for å hindre meir suverenitetsoverføring til EU er det Senterpartiet som har vist at vi har. Det er Senterpartiet som legg mest kraft bak kravet om nasjonal kontroll med krafta.

 

Vi er klare for å føre kampen vidare i Stortinget og i eventuelle regjeringsforhandlingar, og å løfte saka som ei av dei aller viktigaste i valkampen. Men vi treng støtte frå veljarane for å sikre at vi har styrke til å stå imot presset frå EU og frå dei som ønskjer meir marknadsstyring. Difor er det viktigare enn nokon gong å stemme på eit parti som har vist at vi meiner alvor. 

 

Senterpartiet står på folkets side – og vi står fast på at energipolitikken skal styrast frå Norge.