Meny
2022 Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim, ordfører, Etne, Hordaland

Klar for fire nye år som ordførar

Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim har takka ja til å toppa SP-lista og ny ordførarperiode. 

– Det er ei ære å bli spurt igjen.  Eg er veldig glad i kommunen min, og alle innbyggjarane som bur her. Det skjer så mykje bra her og eg kjenner eg har så mykje meir å gi, seier Ekrheim (58). 

Sidan valet i 2019, har ho leia ein brei politisk samarbeidskoalisjon i kommunen, beståande av Senterpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti, Framstegspartiet og Venstre.  For nominasjonsnemnda i Etne Senterparti har det vore viktig å få avklart toppkandidaten tidleg, seier leiar i nemnda, Sigve Sørheim.

– Me er veldig glade for at Mette Heidi stiller seg til rådigheit for ny periode. Ho er ein erfaren politikar som står for eit stødig og godt leiarskap, seier Sørheim.

Motivasjonen er på topp

Det er mykje som motiverer Mette Heidi til å topp lista for fire nye år som ordførar i Etne.

– Det er spanande tider i Etne. Det er særs godt driv i næringsliv og landbruk, og det er mykje på gang innan samferdsel og grønt skifte. Både næringsliv og kommune står overfor store og spanande omstillingar, seier Ekrheim, og nemner mellom anna E134  og nytt biogass-anlegg  som to av dei viktigaste sakene.

Samstundes meine ho at nedstenging og pandemi har prega mykje av inneverande periode.

– Det er mange folk, bedrifter og organisasjonar eg ikkje har fått møtt, og nettverk eg ikkje har fått knytt skikkeleg grunna korona. Eg føler eg har mykje ugjort,seier ho.

Til sjuande og sist er det tenestene til innbyggjarane som er grunnleggjande i ordførar-gjerninga.  

– Vår jobb er å alltid forbetra tenestene til innbyggjarane, frå livets start til livets slutt. Me må også hugsa på dei som treng tenester mellom desse fasane; dei unge som ikkje treng skule eller omsorgshjelp, men som det er heilt avgjerande å tilby andre gode tenester til, innan t.d. kultur og arbeidsliv, seier Ekrheim, og legg til at organisasjonen i kommunen er godt rigga for både utvikling og nye utfordringar.

– Når det gjeld folkehelse, eldrebølga, rekruttering og folketalsutvikling har me store og viktige utfordringar føre oss. Det vil bli krevjande, men det er ein veldig god driv i kommune- organisasjonen.  Etne kommune har alltid hatt flinke tilsette, men dei siste åra har organisasjonen fått ei vitalisering, med nye folk, nye blikk og nye måtar å jobba på. Dette har bidrege til mykje positivt som eg ønskjer å bidra til at blir enno betre, seier Ekrheim.   

Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim:

  • Utdanna fotterapeut, sjølvstendig næringsdrivane frå 1987 2019
  • Er i sin fjerde periode som folkevald i Etne kommune
  • Sit på fylkestinget i Vestland, der ho også er medlem  i samferdsleutvalet i fylket  
  • Leiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland
  • Leiar i Geopark Sunnhordland
  • Medlem i hovudstyret i Moster 2024
  • Nyleg valt inn som styremedlem i Haukelivegen AS.