Meny
P1480115

Me vil ta heile kommunen i bruk!

Etne Senterparti har gjennom arbeidet vårt i kommunestyret vist at me er eit ansvarleg parti i styringa av kommunen. 


Kommunen har moderate inntekter, og det gjeld å bruka kvar krone på klokast mogleg måte for å kunna yta kvalitet i alle tenestene til innbyggjarane. Skal me levera dette, er me dessverre avhengig av å halda på eigedomsskatten, men me har vist at me klarar å halde både eigedomsskatt og kommunale avgifter på eit lågast mulig nivå, noko me og vil stå for framover. 

Etne Senterparti vil ha ein kommune som har aktive grender og tettstader. Me vil ha bustadbygginga spreidd i kommunen, og sjølvsagt også gode tomter i sentrale bustadfelt i tettstadene. 
Grunnlaget for at unge skal velgja å bli buande her, eller flytta heim etter endt utdanning, er at dei har opplevd kommunen som ein god stad å veksa opp, difor er inkluderande lokalmiljø med gode aktivitetsområder- og tilbod eit satsingsområde for oss. 

Me står føre utfordringar i eldreomsorga. Her har kommunen 
førebudd seg godt og kan tilpassa tenestene, men me må rekruttera dei varme hendene. Difor er kommunen si rolle som ein god og ansvarleg arbeidsgjevar viktig. Kommunen si viktigaste oppgåve er å ivareta innbyggjarane våre frå vogge til grav, her har me i Senterpartiet vist at me har tatt oppgåva på alvor, og som kjent er godt gjort betre enn godt sagt. 

Godt val!