Miljøbevisst og berekraftig kommune

Etne kommune skal vera sitt ansvar bevisst, og leggja til rette for ei berekraftig
utvikling i heile kommunen.
Etne Senterparti vil
- seia nei til vindparkar i kommunen vår
- iverksetja fleire tiltak for ein reinare og ryddigare kommune
- nytta aktuelt og uproduktivt areal til solenergi
- auka kunnskapen om og stimulere til bruk av grøn energi
- støtta opp om småkraftutbygging
- jobba for etablering av hydrogenanlegg til industriføremål
- jobba for å sikra villfiskstammene i Etnevassdraga
- jobba for energieffektive tiltak i landbruk, næringsliv og offentleg sektor som t.d. solcelle og biogass
- at det skal nyttast utsleppsfrie alternativ til kommunale køyretøy, der det er mogleg
- jobba for solcellepanel på alle kommunale bygg der dette er hensiktsmessig