Samferdsel og infrastruktur for levande bygder
God kommunikasjon og infrastruktur er avgjerande for ein kommune i utvikling.
Etne Senterparti jobbar for
- å få Bakka – Solheim inn på NTP snarast
- å ferdigstilla høghastighetsbreiband i heile kommunen sikker mobildekning.
- å betra vegane mellom Skånevik og Etne
- eit kollektivtilbod tilpassa infrastrukturen og behovet i kommunen
- ny vegløysing av Åsheimsvegen
- godt vedlikehald av kommunale vegar heile året
- å støtta Sauda i deira planar om veg til Etne
- å rusta opp det kommunale leidningsnettet for vatn og avløp
- mudring utanfor den kommunale kaien på Tongane
- rimelegare bustadalternativ og nye tomter både gjennom private initiativ og Etne tomteselskap
- fortetting og bygging i høgda i tettstadene