Etne kommune skal vera trygg og god å veksa opp i, med god kvalitet i barnehage, skule og SFO.
Etne Senterparti jobbar for
- å motarbeida utanforskap, førebygginga må starta allereie i barnehagen
- at kommunen framleis skal ha to ungdomsskular
- framleis full barnehagedekning i heile kommunen
- tettare samarbeid mellom skular/SFO og fritidsaktivitetar
- å framleis vera ein MOT-kommune og oppretthalda SLT-koordinatoren
- trygge skulevegar
- å få på plass ei pedagognorm
- å involvera ungdomsrådet meir i saker som vedkjem born og ungdom
- eit tettare samarbeid mellom skulane i Skånevik og Etne, med felles temadagar og fritidsaktivitetar på tvers av bygdene