Etne kommune skal ha høg kvalitet i sine omsorgstenester og tenestenivået skal vera tilpassa den enkelte sine behov.
Etne Senterparti arbeider for
- at folk skal få bu lengst mogleg heime eller i tilrettelagt bustad for alderdomen
- å førebyggja einsemd i alle livsfasar
- heildøgnstilbod og styrka aktivitetstilbod innan rus og psykiatri
- å styrka demensomsorga for å gi eit godt og trygt tilbod til personar med demens
- auka talet sjukeheimsplasser når behovet for dette oppstår
- å tilretteleggja for at dei tilsette framleis kan yta tenester av høg kvalitet
- å styrka rekruttering av fagfolk, og leggja til rette for at tilsette kan ta fagbrev
- god folkehelse i alle fasar av livet
- at pårørande blir ivaretekne og sett i stand til å hjelpa sine på best mogleg måte