Meny
Veronica Thorkildsen Thorsen - innstilt som ny ordførarkandidat!

Senterpartiet presenterer sitt nye lag til kommunevalet

Hans Inge Myrvold

Nominasjonsmemnda i Kvinnherad Senterparti presenterer si innstilling til lokallaget, og nominasjonsmøtet søndag den 4. desember kl 16:00

Nominasjonsnemnda i Kvinnherad Senterparti har ferdigstilt sitt arbeid, og innstiller Veronica Thorkildsen Thorsen som sin nye ordførarkandidat. Thorsen har ikkje tidlegare vore aktiv i lokalpolitikken, men er for mange ein kjenning gjennom sitt arbeid som dagleg leiar i Kvinnherad Frivilligsentral.

«Med Thorsen får Senterpartiet og Kvinnherad ein ordførarkandidat som har særs gode eigenskapar og verdiar. Samlande, raus, kreativ og nytenkjande. Med stor gjennomføringskraft er nominasjonsnemnda overtydd om at Thorsen vil kunne kle rolla som framtidig ordførar på ein unik måte», skildrar leiar i nominasjonsnemnda Andreas Ølvestveit.

«Eg er audmjuk for tillita frå Senterpartiet. Eg har lenge vurdert moglegheita i å engasjere meg meir i det politiske arbeidet i Kvinnherad, og har etter nøye vurderingar kome fram til at det no var riktig tidspunkt. Eg gler meg til å ta fatt på arbeidet med å utforma det politiske programmet, saman med resten av det sterke Senterparti-laget», uttrykkjer den ferske ordførarkandidaten.

Vidare fortel ho; «Kvinnherad er ein fantastisk kommune på mange måtar. Eg er veldig motivert i å gjera kommunen til ein enno betre kommune, der ein utnyttar potensialet med fagleg sterke og kvalifiserte medarbeidarar på alle nivå, i kombinasjon med sterke bygdesamfunn og eit variert næringsliv. Alt ligg til rette for at Kvinnherad skal bli den beste kommune vekse opp i, leva eit innhaldsrikt og meiningsfylt liv, og ikkje minst kjenna på tryggleik og omsorg i alle livets fasar».

«Kvinnherad Senterparti held sitt nominasjonsmøte 4. desember i høve neste års kommuneval. No kan me stolt presentere  ei samla innstilling til listekandidater, etter at nominasjonsnemnda har gjort sitt arbeid», seier leiar for nemnda Andreas Ølvestveit.

Saman med Thorsen finn ein både noverande kommunestyrerepresentanter, og heilt nye kandidater.

Stein Olav Ølvestveit og Svein Åge Vangdal er innstilt på henholdsvis 2. og 4. plass. Begge har lengre politisk erfaring, og møter i kommunestyret i dag. Ølvestveit er også utvalsleiar for Plan-, teknikk- og miljøutvalet. Vangdal sit i Levekårsutvalet.

På 3. og 6. plass finn ein nye kandidater i Julie Holmedal Askeland og Jarle Andresen. Askeland er lærar ved Kvinnherad vidaregåande skule, mens Andresen er dagleg leiar i privat verksemd. Begge har vore særs aktive gjennom ulike lag- og organisasjonar i kommunen.

Marianne Nordhus har valt ei politisk satsing for Kvinnherad og regionen gjennom fylkestingsvalet. Dette er særs viktig for oss alle, då denne representasjonen er viktig med tanke på samferdsle, vidaregåande opplæring, kultur og næringsutvikling. Ho er til kommunevalet innstilt på 5. plass av nominasjonsnemnda.

 

For nominasjonsnemnda
Andreas Ølvestveit, leiar

Fullstendig innstilling:

NrNamnKrins
1Veronica Thorkildsen ThorsenValen
2Stein Olav ØlvestveitÅkra
3Julie Holmedal AskelandUtåker
4Svein Åge VangdalHatlestrand
5Marianne NordhusFjelberg
6Jarle AndresenHatlestrand
7Åshild MehlRosendal
8Jostein BjørnevikVaraldsøy
9Lene Vangberg MonsenOmvikedalen
10Kristian Bondhus-JensenMauranger
11Elise VangdalHatlestrand
12Jens Østvik EmmerhoffHalsnøy
13Bjørn Henning NepstadØlve
14Mathea Sandvik BondhusHerøysund
15Ingve Lunde HesjedalRosendal
16Ann Helen CollinsUtåker
17Anton LangelandMauranger
18Øyvind SandvikOmvikedalen
19Lars Werner SolheimValen
20Kjersti HjelmelandOmvikedalen
21Anita OpedalÅkra
22Tore BondhusMauranger
23Olav SandvikOmvikedalen
24Andreas ØlvestveitÅkra
25Even HeimstadValen
26Inger Lise BondhusMauranger
27Nils Inge HaugseOmvikedalen
28Johannes HjelmelandOmvikedalen
29Arvid HolmedalUtåker
30Bjarte NaterstadSeimsfoss
31Olav Gunnar HjelmelandOmvikedalen
32Hans Petter JacobsenMauranger
33Leiv GuddalSeimsfoss
34Samson FeedtOmvikedalen
35Hans Inge MyrvoldHatlestrand