Korleis skal vi sikre rett kompetanse for å utvikle Innlandet?
Senterpartiet i Innlandet arrangerte saman med Lillehammer Bibliotek eit møte om kompetansebehovet for Innlandet den 29. august og Forsknings- og høgarutdanningsminister Oddmund Hoel innleia med om kva grep regjeringa har gjort og gjer!
Bakgrunnen for å invitere inn til dette temaet er ulike problemstillingar vi møter innanfor utdanningssektoren og arbeidslivet med tanke på kompetanse og behov.
Det nyttar ikkje å snakke om sirkurlærøkonomi – frå forbruk til gjenbruk – om vi ikkje har den kompetansen og arbeidskrafta som skal til. Det same gjeld innanfor forsvar og beredskap, bioøkonomi med jord- og skogbruk, innanfor samferdsel og når det gjeld energikjelder, industriutvikling og digitalisering. Vi kunne også teke med døme frå helsevesenet, reiseliv, foredlingsindustrien, kultur m.m., men det hadde vi ikkje plass til denne gongen.
I eit samfunn i omstilling på fleire måtar, treng vi meiningsutveksling og informasjon om både utfordringar og ikkje minst moglegheiter. Derfor inviterte vi inn folk vi veit har utfordringar med dette, som jobbar med dette, som har meiningar om dette og som kanskje kan gjere noko med dette.
Overskrifta for møtet var:
Korleis skal vi sikre rett kompetanse for å utvikle Innlandet?
- Frå forbruk til gjenbruk
- Frå nedtrapping til opptrapping
- Frå nedlegging til satsing
- Frå nytt til å ta vare på
- Frå det svarte til det grøne
I tillegg til statsråden snakket disse innlederne:
Katrine Aalstad frå Innsikt snakka om utfordringane med å få tak i reparatørar innanfor gjenbruksbransjen.
Knut Storberget hadde innlegg om auka behov for forsvar og beredskap og kompetanse i det breie lag av folket inn mot dette.
Jord- og skogbruk er ei viktig næring i Innlandet og Elisabeth Gjems gav oss gode synspunkt innanfor den næringa.
Vi har mange kilometer veg i Innlandet og Fredrik Moen, som har jobba tidlegare ved Statens Vegvesen og underviser på det feltet, hadde eit tankevekkande innlegg om korleis vi bør utdanne framtidas vegforvaltar med fokus på å ta vare på det vi har.
Håvard Lonbakken frå Lonbakken Mekaniske Verksted fortalte korleis bedrifta jobbar på ulike måtar med rekruttering.
Jon Kristiansen frå NHO og Iver Erling Støen frå LO var utfordra på det å gå frå det svarte til det grøne – frå det analoge til det digitale og gav eit godt bilde på både utfordringar og moglegheiter.
Bjørn Lien, direktør i NAV Innlandet, presenterte Bedriftsundersøkelsen 2024 som er ei god kartlegging over situasjonen innanfor arbeidsmarknaden.
Til slutt hadde Utdanningsforbundet ved Thore Johan Nærbøe eit innlegg om kva som står i Opplæringslova, eigentleg, og han peikte på at det ikkje berre handlar om å utdanne elevane til arbeidstakarar, men også gjere dei klare for å meistre livet og bli til gangs menneske.
Aud Hove, Gruppeleiar Senterpartiet Innlandet, og Marit Knutsdatter Strand, Utdannings- og forskningskomiteen, var programleiarar og var særs glade for at så mange ville stille opp og gje av sin kompetanse på eit viktig tema som vi vil og må jobbe godt med for framtida.