Struts og demografi
Vi kan lese i debatten om vidaregåande skuletilbod at den som ikkje vil legge ned skular leikar struts og gøymer seg for demografiutviklinga?
Senterpartiet har heilt sidan oktober 2022, da saka som skulle omhandle tilbodsstrukturen vart til den store skulestruktursaka, sagt at vi ynskjer å utvikle alle våre vidaregåande skular – ikkje avvikle dei.
Grunngjevinga for det har vore fleire. Vi meiner at eit mangfoldig skuletilbod ikkje berre handlar om flest mogleg tilbod på ein skulestad, men at elevane kan velje mellom både småe og store skular. Vi har peikt på mykje av det mange av høyringsinnspela peikar på; fullføringsreforma, utanforskap, flyktningar, lange reiseavstandar, fleire på hybel, gratisprinsippet, næringslivets behov og ikkje minst kva elevane sjølve vil. Vi meiner at Innlandet vil få ei viktig rolle både innanfor sjølvforsyning og totalbereskap i framtida og da må vi også planlegge for det.
Dersom elevane vil å gå på ein mindre skule på grunn av skulemiljøet, tilbodet eller av andre grunnar, forstår ikkje vi kvifor vi nå skal avvikle fleire skulestadar fordi fleirtalet har lese opp og vedteke at vi MÅ gjere noko. I vertfall ikkje når skulane leverer på både kvalitet, gjennomføring, får elevane ut i lære og dei søkjer seg dit.
Vi har ikkje fått eit einaste tal over økonomiske konsekvensar i saksframlegget, sjølv med forslag til så drastiske endringar. Fylkeskommunen skal vere ein samfunnsutviklar, men slik det er lagt fram blir vi ein avviklar. Vi har prata om demografiske utfordringar i fleire år, men det ser ikkje ut til at det er politisk vilje blant fleirtalet til å gjere noko tiltak for å styrke distrikta. Dersom vi no legg ned alle distriktsskulane, vil dette forsterke både sentralisering, fråflytting og vi vil også få mindre tilflytting.
Det er fleire kommunar, regionar og enkeltpersonar som har jobba for å få fram konsekvensar av dei ulike alternativa og som har gjort økonomiske berekningar. I høyringsinnspela er det svært mange som er kritiske til heile prosessen og at det har vore vanskeleg å gje gode høyringssvar på eit så lite og sprikande grunnlag.
Det er også proklamert at det er så mange tomme pultar i Innlandet. Men vår største utfordring er at heile 7500 ungdommar står utanfor både skule og arbeid. Fleire av desse 7500 burde siti på ein skulepult. Vi må gjere ein innsats for å få dei som er utanfor til å fullføre vidaregåande og komme seg inn i arbeidslivet.
Det blir også peikt på at fylkeskommunen har fått ca 130 mill kroner mindre i overføringar på grunn av færre elevar og at det ikkje har vore gjort noko som helst i høve elevtalsnedgangen alle desse åra. Da må ein samtidig ta med at vi har spara over 80 mill kroner sidan 2020 på å ikkje setje i gang mange tilbod. Ein må ta med både debet og kredit når ein opererer med tal. Ja, vi har ikkje lagt ned skular sidan 2020, men vi har regulert tilbodsstrukturen som vi gjer kvart einaste år. Så er det nokre tilbod ein set i
gang, sjølv om det er fåe elevar. Det er fordi vi så sårt treng arbeidskraft innanfor dei retningane.
Det som er bra, er at alle parti har sagt at dei vil lytte til innspela som kjem og har oppfordra alle til å sende inn høyringssvar. Derfor har vi i Senterpartiet trua på at alt det arbeidet og engasjementet som har vore lagt ned nå rundt i heile Innlandet skal vere til nytte og at fylkestinget vil lytte. Gjer vi ikkje det blir vi fort oppfatta som strutsar alle saman. Tida for å lytte til framtidas innbyggjarar i Innlandet er nå!
Aud Hove, gruppeleiar for Senterpartiet i Innlandet