Ungdommen er framtida vår
Uansett kvar ein bur i Innlandet er alle opptekne av at ungdommane skal ha ein trygg og god oppvekst, at dei skal få seg utdanning og ein god start i livet. Da må grunnmuren vere på plass med familie, utdanning og gode fritidstilbod. Dei aller fleste har gode rammer kring seg, men mange ungdommar møter også på utfordringar gjennom oppveksten som kan påverke dei resten av livet. Da er det vårt ansvar å støtte dei og hjelpe dei til å skape seg ei framtid.
Vi ser og høyrer i debatten om skulestruktur at nettopp det å kunne ha eit liv utanom sjølve skulen blir vektlagt av mange. Det er ingen som ber om å måtte sitte 3-4 timar på buss kvar dag. Det er mange som ynskjer å bu i sitt lokalmiljø fram til dei er ferdige på vidaregåande skule. Kanskje fordi det er trygt å bu heime, eller fordi dei ynskjer å vere saman med vennane sine eller at dei er aktive i idretts- eller kulturaktivitetar der dei bur. Andre ungdommar vel å flytte på hybel for å få akkurat det tilbodet dei vil ha, og da er det eit aktivt val.
Derfor har prosessen som nå er i gang med skulestruktur skapt så stort engasjement og uro. Det betyr noko for den enkelte elev, for dei tilsette, for lokalsamfunnet, for kommunen og regionen og for næringslivet.
Eg har vore på fleire folkemøte denne våren og alle peiker på at det manglar konsekvensutgreiingar og analyser for økonomiske og samfunnsmessige konsekvensar for forslaga. Alle peiker på at dei er bekymra for ungdommen sin, mangel på hyblar og konsekvensar av lange dagar i buss. Det mest drastiske alternativet vil føre til at 1000 ungdommar mister nærskulen sin. Næringslivet er bekymra for korleis dei skal få ungdommane attende som lærlingar og at dei som flytter ut ikkje kjem attende.
Det er ingen av dei skulane som er foreslått lagt ned som ikkje leverer god kvalitet på undervisninga si. Mange av dei har ein styrke i at dei er tett på elevane og fylgjer dei opp gjennom skuleløpet og får dei til å fullføre. Det er ikkje det som er utfordringa i Innlandet. Utfordringa er utanforskap og da er alle skulane våre viktige brikker i å få alle med. Høgre er opptekne av valfriheit for den enkelte, men til færre vidaregåande skular vi har i Innlandet til mindre valfriheit blir det også for elevane med tanke på skulestad.
Det som skulle vere ei sak om kva utdanningstilbod innlandssamfunnet har bruk for har vorte ein kamp mellom småe og store skular. Dette er uheldig. I Gudbrandsdalen har dei lagt ned eit stort arbeid for å kartlegge utdanningsbehov og konsekvensar ved bortfall av tilbod. Det har vore arrangert folkemøte i Lom og i Solør, på Jønsberg, Dokka, Nordstumoen og på Skarnes. Det er planlagt nye møter i Gausdal, Trysil og på Otta. Det er fordi dei er opptekne av nærskulen sin, dei er bekymra for konsekvensar for elevar og lokalmiljø og dei er kritiske til kor lite dette er vektlagt i høyringsutkastet.
Vi justerer for elevtalsnedgangen og økonomien kvart einaste år gjennom tilbodsstrukturen, ikkje minst for fyrstkommande skuleår ved å ikkje setje i gang 16 klasser som gjev ei innsparing på ca 30 mill. kroner.
Vi i Senterpartiet gjekk til val på å ikkje legge ned skulestadar for einkvar pris fordi vi meiner at færrast mogleg skal måtte flytte på hybel eller bruke timesvis på buss, om dei ikkje ynskjer det sjølve. Uansett kva argumentasjon ein legg vekt på vil vi få mange høyringsinnspel og eg er sikker på at samtlege parti vil sette seg godt inn i og lytte til høyringsinnspela som kjem.
Aud Hove, Gruppeleiar for Senterpartiet i Innlandet