Meny
A Artikkel 1

Dette vil gi Aure mange hundre nye arbeidsplassar

Dette vil gi Aure mange hundre nye arbeidsplassar

-Vi treng meir kraft, vi treng ferje og vi treng samarbeid på tvers av kommunar, fylke og politiske parti. Det er så stort potensiale her langs Trondheimsleia for næring og arbeidsplassar, så dette må vi berre få på plass, seier Stine Wigum Hagen, ordførarkandidat for Aure Senterparti.

Lokale senterpartistar i Aure inviterte torsdag 18. august politiske naboar, fylkestingskandidatar og stortingsrepresentant Jenny Klinge for å gi informasjon og få fortgang i satsinga i næringsklynga rundt Tjeldbergodden, og betre eksportvegen ved å få nytt ferjesamband mellom Aure og Hitra. Fleire bedrifter som ønsker å satse tungt, presenterte planane og behova dei har framover.

Fra venstre: Lars Dromnes, Jenny Klinge, Stine Wigum Hagen, Henrik Stensønes, Alf Yttervik-Adolfsen, Olav Håkon Ulfsnes, Marte Halvorsen, Kristin Sørheim, Jan Einar Gjerde og Ola Rognskog- Tida er overmoden for ferje, og no er det personleg motiverte ordførarkandidatar på begge sidene av fylkesgrensa, og fylkestingskandidatar. Då skal vi få det til, seier Wigum Hagen.
Fra venstre: Lars Dromnes, Jenny Klinge, Stine Wigum Hagen, Henrik Stensønes, Alf Yttervik-Adolfsen, Olav Håkon Ulfsnes, Marte Halvorsen, Kristin Sørheim, Jan-Einar Gjerde og Ola Rognskog

- Tida er overmoden for ferje, og no er det personleg motiverte ordførarkandidatar på begge sidene av fylkesgrensa, og fylkestingskandidatar. Då skal vi få det til, seier Wigum Hagen.

Er klare til å satse stort

Bedriftene i næringsklynga rundt Tjeldbergodden treng mange hundre megawatt meir kraft innan få år. Fleire av bedriftene, blant anna havbruksselskapet Salfjord, er klare til å investere. Salfjord ser for seg 100 nye arbeidsplassar, men kjem til å trenge meir kraft for å gjennomføre planane. Equinor aleine har behov for minst 230 MW innan 2030 for å få til å utvikle metanolanlegget for framtida, og då trengst det også nye kraftlinjer og ny trafo. 

I Bioparken produserer Tjeldbergodden Rensefisk berggylt og Lumarine produserer berggylt og torsk - og begge har utviklingsplanar. Dei understreker også viktigheten av meir kraft til området. Begge bruker varmt vatn frå Equinor sitt metanolanlegg og understreker viktigheta av at det blir tilrettelagt for sirkulæritet og vekst rundt store industrietableringer på eit så tidleg stadium som muleg.

- Det skal ikkje vere usikkerheit om framtidig krafttilgang som sett ein stoppar for at bedrifter skal kunne utvikle seg i Aure. Det er helt uhaldbart. Vi må legge til rette for at både eksisterende og nytt næringsliv kan utvikle seg, seier Wigum Hagen. 

Karin Torset frå Tjeldbergodden utvikling fortalte at dei treng støtteordninger og gode regionale samarbeid for å kome i mål.

Taftøyan Næringspark er et område som Aure og Heim kommune eig i fellesskap. Dei respektive kommunestyra har fått presentert konkrete planar fra selskap med moglegheit for fleire hundre arbeidsplassar der også. "Det blir ikkje noko industrietablering der heller utan meir kraft", seier Wigum Hagen.

- Det er viktig med støtte frå lokalmiljøet rundt, men også forutsigbare rammebetingelser, seier Karin Torset, prosjektleder i Tjeldberodden utvikling.

- Stortinget burde kunne gjort noko med dette. Det at det skal ta så lang tid å bygge ut nettet, det må gå an å gjere noko med det. Vi treng busetting og næringsutvikling overalt, kan ikkje sitte og vente i 10, 20 eller 30 år, seier Kristin Sørheim, varafylkesordførar og leiar for samferdsesutvalet.

Jenny Klinge sa at det er flott at Aure Senterparti benytta anledninga til å invitere listekandidater og ordførerkandidater fra både Kristiansund og Heim, for samarbeid med nabokommuner er svært viktig for å oppnå utvikling både i næringslivet og lokalsamfunna ellers.

Bakerst fra venstre:  Olav Håkon Ulfsnes, Alf Yttervik-Adolfsen, Jan Einar Gjerde, Marte Halvorsen, Lars Dromnes  Fremst fra venstre: Jenny Klinge, Ola Rognskog, Stine Wigum Hagen, Henrik Stensønes. På Salfjord si tomt på Tjeldbergodden. Fylkeskommunen i Møre og Romsdal har tildelt Salfjord tillatelse til oppdrett av laks på land. Utsikt mot Trondheimsleia og Equinor sitt metanolanlegg.
På Salfjord si tomt på Tjeldbergodden. Fylkeskommunen i Møre og Romsdal har tildelt Salfjord tillatelse til oppdrett av laks på land. Utsikt mot Trondheimsleia og Equinor sitt metanolanlegg.
Bakerst fra venstre: Olav Håkon Ulfsnes, Alf Yttervik-Adolfsen, Jan-Einar Gjerde, Marte Halvorsen, Lars Dromnes. Fremst fra venstre: Jenny Klinge, Ola Rognskog, Stine Wigum Hagen, Henrik Stensønes.

Må sikre Nordmøre nok kraft

Midt-Norge hadde ved utgangen av 2022 eit underskot på kraft. Equinor er eit leiande selskap i det grøne skifte, og satsar stort på å utvikle havvind i Norge. Ambisjonen er å bygge ut så mykje havvind dei neste 7-10 åra at desse vil produsere like mykje kraft som 1/3 av all kraftproduksjonen vi har bygd opp i Norge dei siste 100 åra.

-Det at vi har tilgang på kunnskapen og musklane frå eit selskap som Equinor i ein distriktskommune som Aure, det skal vi vere stolte over, seier Wigum Hagen. 

Eit av områda som er identifisert av NVE som teknisk egna for havvind, og som no skal utgreiast vidare, ligg rett utanfor kysten i grenseområdet mellom Møre og Romsdal og Trøndelag.

- Havvinden kan vere ein del av energimiksen. Det finnest ikkje berre eitt svar, men havvind er ein del av løysinga. Det må gjerast i tett dialog med den enkelte kommune og andre som har havet som sin inntektskjelde, seier Stensønes, fylkestingskandidat for Senterpartiet.

-Gitt at dette blir realisert, så bør eit av tilknytningspunkta vere i vår region, seier Wigum Hagen. 

Tjeldbergodden utvikling (TBU) er et utviklingsselskap som har som formål å skape økt industriaktivitet på Tjeldbergodden og i regionen rundt.Stine Wigum Hagen og Jenny Klinge var godt fornøyd med å få benytte seg av TBU's lokaler.
Tjeldbergodden utvikling (TBU) er et utviklingsselskap som har som formål å skape økt industriaktivitet på Tjeldbergodden og i regionen rundt. Stine Wigum Hagen og Jenny Klinge var godt fornøyd med å få benytte seg av TBU's lokaler.

Jenny Klinge set i dag i næringskomiteen på Stortinget. Hun deler synspunkta til både Stensønes og Wigum Hagen.

- Både Stine Wigum Hagen og Jan-Einar Gjerde har vært veldig tydeleg overfor oss på Stortinget om at noko må gjerast for å sikre ytre Nordmøre nok kraft, og denne problematikken kom godt fram i dag også. Vi må stå på framover for å sikre nok produksjon og tilgang på kraft og samtidig skåne naturen mest mogleg, seier Klinge.

- Vi må støtte opp om forsking og innovasjon og ordne med eit verkemiddelapparat som støtter opp om dei viktige næringane i Møre og Romsdal, i form av tilskot eller økonomisk støtte. Vi må fortsette å bygge fylket tettare saman, slik at ein kan drive næring i alle delane av fylket, og stimulere til smidig eksport og oppretthalde at vi er Norges største eksportfylke, seier Stensønes.

Treng ferje no

Karin Torset fra TBU  orienterte om status for prosjektet med ferjeforbindelse mellom Møre og Romsdal frå Aure og Trøndelag til Hitra. Kommunestyre på tvers av fylkesgrensa, Aure, Heim, og Hitra har gjort positive vedtak om å få til sambandet, og no ligg ballen hos Trøndelag fylkeskommune, som skal sende inn søknaden.

- Alle er einige om at det nye ferjesambandet mellom Aure og Hitra må på plass snarast, så det er berre å trykke på frå fleire kantar, seier Jenny Klinge.

Alle gjestane vart tatt med på ei omvising i Tjeldbergodden-området, og fekk også sjå kor det er aktuelt med eit nytt ferjeleie.

Jenny Klinge og Stine Wigum Hagen ved den planlagte fergekaia i Kjørsvikbugen.
Jenny Klinge og Stine Wigum Hagen ved den planlagte fergekaia i Kjørsvikbugen.