Meny
18

10. Kandidat: Tore Olav Melland

10. Kandidat:

Tore Olav Melland, 54 år🍀

Tore Olav arbeidar som bonde og snekker++. Han stiller på liste fordi han meinar det er viktig å være disponibel og stille opp for å få ting gjort. Tenester og beredskap er dèt aller viktigaste ein kommune bidreg med. Men folk må engasjere seg.

Noko tå det Tore Olav set mest pris på livet i Aure fordi Aure byr på ein miks av fred og ro, variert næringsliv, store muligheter for friluftsliv, sommar og vinter, mange aktive lag basert på frivillig arbeid i ein flott natur.

🍀Ei sak han brenn for er det varierte frivillige arbeidet som utgjer mange årsverk. Dette virkar som eit lim i sentrum og i alle grendene og som må støttast frå kommunen.

Tore Olav har eit aktivt dugnadsliv bak seg, og med nybygd fjøs fortsett han dugnadsarbeidet med å produsere mat til det norske folk. Eit aktivt og lønsamt landbruk er uhyre viktig for kommunar og heile landet.