10. kandidat: Hilde Rødset Øvrebust, Stordal
Hilde er 45 år, er fødd og oppvaksen i Stordal og har busett seg her. Ho bur på Øvrebust saman med mannen sin Johan og tre born. Dei har ein gard med ca 160 vinterfora sauer og så har dei mjølkekyr. Hilde er utdanna lærar og arbeider på Stordal skule.
Ho har arbeidd som kontaktlærar ved Stordal skule i ca 18 år. Ho arbeider mest på 1.-7. trinn og trivast godt som lærar. Hilde har ikkje så mykje politisk erfaring, men har stått på liste for Senterpartiet i Stordal kommune og har vore første vara til kommunestyret. Ho har også vore med i styret i Fjord senterparti.
Hjartesaker:
Det er viktig å få til gode tenester i alle bygdene våre, og gjere det beste ut av ein vanskeleg økonomisk situasjon. Det også viktig å skape attraktive bygder slik at folk vil flytte hit og slik at ungdom kjem tilbake. Det er viktig å legge til rette for næringslivet, slik at det kan skapast fleire arbeidsplassar.