Meny
Annette Langdal

16. kandidat: Annette Langdal, Valldal

 

 

Annette er 51 år og bur i Valldal. Ho vaks opp på Langdal gardog flytta heim att for tre år sidan med mann, to døtre, katt og hund. Etter nitten år i Kristiansand med mellom anna eit friår i Canada, vart familien einige om å gjere Valldal til felles base vidare. Dei har tatt over garden og Annette jobbar på Muritunet som fysioterapeut og arbeidskonsulent. Fritida vert brukt til arbeid med gard og dyr, jakt og friluftsliv. 

Annette har lang erfaring frå arbeid i bedriftshelseteneste og HMS-arbeid i ulike organisasjonar, både offentlege og private, som rådgjevar og kurshaldar. Ho har også erfaring frå ulike tillitsverv, og er for tida i valgkomiteen for NJFF Møre og Romsdal. Ho stiller på liste for første gong. 

Hjartesaker

Bustadpolitikk som prioriterer heilårs busetting. Gode og varierte fritidstilbod for dei unge. Stabil kommuneøkonomi.