Meny
Egil Berge

18. kandidat: Egil Berge, Eidsdal

 

 

Egil er 81 år og bur i Eidsdal. Han er pensjonist, gift og har 3 vaksne born. Egil har vore aktiv i dei fleste lag- og organisasjonar i Eidsdal, og har dirigert både hornmusikk og vore leiar i leikarringen.

Han har utdanning frå lærarskule og landbruksskule, og har jobba som både lærar, rektor, bonde, bussjåfør, lastebilsjåfør og med import av traktorar.

Egil har vore leiar av skulestyret og soknerådet, medlem i eldrerådet og har møtt ein god del i kommunestyret. Han har vore leiar av Norddalsbrua AS, og vore med og fått utarbeidd godkjende planar for heilårsveg til Geiranger.

Hjartesaker:

Døyr utkantane, døyr resten. Vi treng arbeidsplassar, og rettmessig meir statstilskot. Dessutan må dei eldre få gode vilkår.