Meny
Lars Kristian Øvrebust

2. kandidat: Lars Kristian Øvrebust, Stordal

 

 

Lars Kristian er 50 år og vaks opp på gard i Stordal som dreiv med mjølk, fruktsal og ein liten
plastfabrikk. Han er utdanna agronom og agroteknikar, og jobbar på Rempro i Liabygda.
Han er gift, har ein son og to bonusbarn med familie og barn, og trivast i rolla som
besten. På fritida likar han seg i skog og mark, og er aktiv i korps.

Lars Kristian har lang fartstid som politikar. Han vart første gong innvalt i kommunestyret i 1999 (Stordal kommune), og har hatt 7 periodar i politikken så langt. Han har allsidig arbeidserfaring frå både møbelindustri, anleggsbransjen, bygg- og trelast og industri.

Hjartesaker er:

  • gode offentlege barnehagar og skular i heile kommunen.
  • Redusere offentleg administrasjon for å få mest mogleg tenesteyting for pengane.
  • Gode og hyppig rulerte reguleringsplanar for å stimulere til utvikling i bygdene.