Meny
Beate Aspelund

21. kandidat: Beate Aspelund, Stordal

 

 

Beate er 48 år. Ho vaks opp på ein gard på Hedemarken, og bur nå på Holt i Stordal saman med mannen sin og to born. Beate er utdanna almennlærar. På fritida brukar ho tida i lag med familien sin, og går turar i skog og fjell. 

Beate har over 20 års arbeidserfaring som lærar, og arbeider no som lærar ved Stordal skule. Det er første gong ho stiller på liste. 

Hjartesaker:

Vi treng levende bygder i Fjord der folk i alle aldre vert ivaretatt på heimstaden sin. Gode oppvekstvilkår for barn og unge gjennom  barnehage, skule og fritidstilbod i dei ulike bygdene. Aktivt landbruk og næringsutvikling er viktig for busetting og levende bygder.