22. kandidat: Solveig Linge Stakkestad, Valldal
Solveig er 79 år og bur på Linge i Valldal. Ho er pensjonert husstellærar og har 4-årig utdanning frå Statens Lærarhøgskule i husstell og ernæring, samt diverse tilleggsutdanning 1,5 år. Solveig er gift og har 3 born og 7 borneborn. Ho er aktivt med i frivillig arbeid og likar å gå tur.
Solveig har arbeidd i skulen i 45 år. Ho har vore lenge med i Norddal kommunestyre og
formannskap, og på Fylkestinget. Ho har også hatt diverse styreverv i Senterpartiet og i
frivillige lag og organisasjonar.
Hjartesaker:
Gratis skulelunsj for elevar i grunnskulen. Hindre nedbygging av dyrkbar jord.
Frivilligheita bør få gode vilkår i kommunen. Sikre gode tenester og bustader
til eldre.