Meny
Unn Ingjerd Linge-Valdal

23. kandidat: Unn Ingjerd Linge-Valdal, Valldal

 

 

Unn er fødd og oppvaksen på Linge og her er ho framleis, som kår-kone. Ho er straks 78 år, har 3 barn, ein svigerson og 5 barnebarn rundt omkring.

Etter framhaldskulen i Valldal kom 2 år på Stranda realskule. Unn fekk jobb på Rikstelefonsentralen i Valldal, huspost i Danmark eit vinter- halvår, og meir telefonjobb før ho hamna på Romerike folkehøgskule på musikklina. Det var også rikeleg med arbeid mellom frukttrea, drivhusa og med sauene når ho var heime. Unn gjekk husmorskule på Sjøholt, før ho gifta seg og dei tok over garden. Seinare tok ho ex. artium i norsk som privatist. 

Utanom gardsarbeidet, som ho framleis har ein del av, har musikkskule, grunnskule og barnehage vore arbeidsplassane hennar i 25 år. Unn har vore interessert i samfunnsutvikling, kultur og lokale tilhøve generelt så lenge ho hugsar. Ho blei tidleg medlem i SP. Der har ho vore aktiv medlem i fleire periodar, med ulike verv lokalt  som medlem td. i  Kulturutvalet, Teknisk utval, Eldrerådet. Unn har også vore engasjert på fylkesplan m.a. som leiar i valnemnda for M&R Sp til første fylkestingsvalet, og medlem i eit par utval. Elles har ho lært og erfart mangt og mykje gjennom desse åra, også at ting som oftast heng saman.

Hjartesaker:

- Det ho no er mest oppteken av i politisk samanheng, er nettopp å få ein samanheng i vårt nedslagsfelt.
-Barnehage og skule (i den rekkefølga) er viktigaste grunnlaget for tilflytting og utvikling. Somme av desse treng snarleg oppgradering.
-Helsesektoren må få meir personale innan eldre- og  sjukepleie.
-Vi må også få ein samferdselsstruktur som gir open ferdsel heile døgnet, mellom alle bygdene våre, med oppgraderte og tryggare vegar. 
- Og betre skilting. 
-Og alt hastar, hvis vi meiner noko med å få meir tilflytting til kommunen.