Britt-Ingunn er 33 år og jobbar som osteopat og idrettspedagog på Muritunet, er dagleg leiar for Ræin Adventures og jaktoppsyn for Reinheimen-Breheimen Villreinutval.
Britt-Ingunn er utdanna innen idrettsbiologi, osteopati og naturoppsyn. Ho er over gjennomsnittet opptatt av folkehelse, natur og friluftsliv, og flytta derfor attende til Tafjord etter 10 år i Oslo. Her jobba ho i DNT Oslo, og som privatpraktiserende osteopat. I 2019 etablerte ho guideselskapet Ræin, med et ønske om å bidra til eit levande bygdemiljø i Tafjord. I tillegg tok ho over ein landbrukseiendom i Tafjord.
Hjartesaker:
- Inkludering, mangfald og tryggheit for personar i alle fasar av livet. Gode, forutsigbare tiltak og aktivitetar som fremmer god psykisk helse er viktig for meg. Stabile og kompetente kommunale tjenester fell under dette.
- Bevaring av natur-, kultur-, og miljøverdiar i kommunen gjennom aktiv bruk, langsiktig forvaltning og auka fokus på landbruksutvikling.
- Gjere alle bygdene i Fjord kommune til ein attraktiv stad å bo: auka fellesskapkjensle, tilrettelegging av utleigeboligar og prioritere fastbuande framfor fritidsbuande.