Meny
Ola Grønningsæter

6. kandidat: Ola Grønningsæter, Norddal

 

 

Ola er 29 år og bur i Norddal.

Han er ein blid og hjelpsom fyr som har bestemt seg for å bosette seg i heimbygda og har tatt over familiegarden som har vore driven i generasjonar saman med sambuar og barn. Han er hardtarbeidande, glad i prosjekt og brenn for at det skal vere liv i bygda. 

Har utdanning som agronom frå Gjermundens og har vore i militæret, før han flytta heim og tok over gardsdrifta i 2018. Ola er fotballentusiast, og har stor interesse for bilar og maskiner, og likar å bruke haustsesongen på jakt. 

Han er på sett og vis fødd inn i anleggsbransjen, og har vore trufast tilsett hos det lokale firmaet SR Maskin AS dei siste åtte åra. 

Ola har til no vore i politikken i ein periode som første vara, og gler seg til fortsettelsen. Det er gøy å kunne vere med på å følgje den politiske utviklinga i kommunen ein har vakse opp i og valgt å busette seg i. 

Ola brenn for å oppretthalde det gode landbruket vi har i kommunen, og er svært opptatt av barnehage/skulepolitikken som dreier seg om sørsida. Han ønsker også å jobbe for bru som kan knyte bygdene i kommunen saman, og gjere sørsida meir levedyktig og attraktiv som bustad.