Meny
Per Ivar Skodjereite

7. kandidat: Per Ivar Skodjereite, Stordal

 

 

Per Ivar er 58 år, bur på Løset i Stordal, er gift og har tre born.

Han er utdanna bilmekanikar og har arbeidd 20 år i bilbransjen og 6 år i daglegvare/butikk. Sidan 2010 har han vore gardbrukar med produksjon av mjølk, kjøt og ved.

Per Ivar har nokre periodar for Senterpartiet i kommunestyret både i Stordal og no i Fjord.

Hjartesaker:

 

  • Drøymer om å få til ein ny møteplass i sjøkanten i Stordal, ei "oase" for både fastbuande og tilreisande.
  • Eg ønskjer meg lys i fleire hus heile året, handheving av gjeldande boplikt. Vi er ei kommune for tilreisande, men vi må stelle oss slik at dei som vil vere fastbuande får tilgang til ein bustad.
  • Kjempe for å oppretthalde dagens skulestruktur