Meny
Terese Jemtegård Moen

Ordførarkandidat: Terese Jemtegård Moen, Valldal

 

 

Terese er 50 år og vaks opp i Monsgarden på Jamtegarden i Valldal, der dei dreiv med kjøt-, egg-, bær- og grønsakproduksjon. Etterkvart vart delar av garden utvikla for å satse på turisme. Etter gymnaset på Stranda Vidaregåande Skule, og reiselivslina ved Otto Treiders Handelsskole i Oslo, utdanna ho seg til reiselivsøkonom ved Høgskulen i Bø i Telemark. Etter dette fekk ho jobb i reisemålsselskapet Rauland Turist i Vinje kommune i Telemark, og jobba der fram til ho og familien flytte heim att til Valldal i 2009.

Sidan 2009 har ho jobba som dagleg leiar i næringsutviklingsselskapet Fjordhagen AS, og ved sidan av arbeid har ho tatt ei mastergrad i stedsutvikling ved Universitetet i Tromsø.

Mannen Richard jobbar som lærar ved Valldal skule, og dei har vaksne døtre.

Lokalsamfunnsutvikling og distriktsutvikling er noko Terese alltid har vore oppteken av og engasjert i, både som frivillig og i utdanning og yrkesliv. Ho er glad i å spele i korps, og likar også godt å spele frisbeegolf og gå turar i skog og mark.

Terese siner hjartesaker er å kjempe for ein bustadpolitikk som sikrar og aukar heilårs busetting. Det er også viktig å få kommuneøkonomien i balanse, og sikre gode kommunale
tenester nær folk i heile Fjord. Ho brenn for næringsutvikling og frivilligheit.