Nominasjonsnemnda i Senterpartiet i Møre og Romsdal har sett opp si innstilling til stortingsvalliste.
Sitjande stortingsrepresentant Geir Inge Lien har representert Senterpartiet på ein god måte dei siste 3 åra og fekk solid oppslutnad frå lokallaga i andre runde av nominasjonsprosessen og har difor blitt satt på førsteplassen.
På andreplass har nominasjonsnemnda sett opp Lisa Alvestad frå Haram. Ho har også solid oppslutnad frå lokallaga – og har gjort ein stor innsats som gruppeleiar i Ålesund og no i Haram kommune – samt markert seg som ein dyktig politikar på fylkestinget.
Senterungdommen sin kandidat Dordi Boksasp Lerum er innstilt på tredjeplassen på lista. Ho har også hatt mange verv i Senterungdommen sentralt, og greidd å markere seg på fylkestinget det siste året.
Lista er elles samansett med 7 kvinner og 7 menn og god aldersfordeling og geografisk fordeling og med allsidig erfaring frå yrkeslivet. Innstillinga er samrøystes.
Senterpartiet har i dag 2 representantar på Stortinget, og har gode ambisjonar om å gjere eit godt stortingsval også i år.
Listeforslaget frå nemnda:
1.Geir Inge Lien, Vestnes
2.Lisa Alvestad, Haram
3.Dordi Boksasp Lerum, Senterungdommen
4.Henrik Stensønes, Kristiansund
5.Paul Sindre Vedeld, Vanylven
6.Ingrid Waagen, Tingvoll
7.Odd Helge Gangstad, Molde
8.Svein Roksvåg, Smøla
9.Sølvi Dimmen, Volda
10.Tove Henøen, Hustadvika
11.Sevrin Dahle Sæterøy, Senterungdommen
12.Tove Halse Digernes, Ørsta
13.Lisa Mari Breivik Anderson, Ulstein
14.Erling Emil Laugsand, Averøy
Nominasjonsnemnda sitt forslag skal opp på nominasjonsmøtet i Senterpartiet i Møre og Romsdal i Molde 16. november.