Målet for det politiske arbeidet til Senterpartiet er å utvikle eit samfunn av frie og sjølvstendige menneske som med tru på eigne evner tek ansvar for sitt eige liv, for fellesskap og for natur og miljø. Senterpartiet legg dei kristne og humanistiske verdiane til grunn for arbeidet sitt, og ønsker at samfunnet skal bli bygd nedanfrå.
VÅR GODE HARAM KOMMUNE
Vi tok kampen for å få Haram ut av Ålesund, og vi vil stå på kvar dag for å skape ein god kommune. I Haram skal du som innbyggjar kjenne deg verdsett og teken vare på. Vi skal ha ein lyttande, tillitsbasert og tilpassingsdyktig organisasjon. Vi er ein «ja – kommune»; tradisjonsrik, framtidsretta, samla og sterk!
- Vi skal ha effektiv og rimeleg sakshandsaming i kommunen vår, og mindre byråkrati. Vi set bebuarane sine behov i sentrum og yt god service.
- Vi skal vere veljarane si stemme og samarbeider difor med andre parti om utvikling på tvers av bygdegrenser om mål til beste for fellesskapet.
- Ungdomsråd, eldreråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevne skal kjenne seg verdsett, få møterett i saker dei ønsker, og ha uttalerett.
- Vi vil gjennomføre ei brei og grundig analyse av tema knytt til beredskap, og oppdatere planverk. Vi skal vere trygge i vår nye kommune.
- Sette trygg vasstilførsel, med back-up løysningar og sikkert el-nett på dagsordenen.
BARNA VÅRE
Skulen skal skape trygge og robuste menneske som tek ansvar for liva sine. Vi i Senterpartiet er garantistar for at innhaldet i barnehagen og skulen vert sett på dagsorden. Vi står for eit positivt menneskesyn der barna blir sett og verdsett for den dei er. Tillit mellom alle ledd er det berande prinsippet. Vi vektlegg gode mellommenneskelege verdiar, lærings- og skulemiljø for å motverke utanforskap, psykiske vanskar og mobbing.
- Vi vil sikre full barnehagedekning til alle som ønsker plass, så nær heimstaden som mogleg. Vi vil bygge ny barnehage i Tennfjord. Vi meiner at det skal vere eit barnehagetilbod på Hildre og Longva, og vi lyttar til lokale innspel om driftsform.
- Det må vere attraktivt for faglært personell å søke arbeid i barnehage. Då må vi ha nok bemanning.
- Barnehagebygga og skulebygga våre skal fremme god helse og ha godt inneklima.
- Barnehagen og skulen i Haram skal vere ein stad der tilsette trivst i samspelet med ungane, og får fagleg påfyll ved relevant kursing og etterutdanning.
- Vi vil opprette eit tverrfagleg ambulerande team med brei spesialpedagogisk kompetanse, for å gi naudsynt tidleg innsats til barn som treng hjelp. Haram var, og skal vere, ein kommune som er kjent for gode koordinerte tenester, slik at også ungar som opplever vanskar og krise får ein trygg og god oppvekst.
- Vi vil oppretthalde dagens barnehage– og skulestruktur i komande kommunestyreperiode. Det skal vere ryddige prosessar om struktur vert tema desse åra. Ein må ha grundige samfunnsmessige vurderingar der FAU, tillitsvalte og tilsette blir høyrt. Involvering av lokalmiljø og næringsliv vil bli sterkt vektlagt. Vi har tillit til at folk lokalt veit best kva dei er tent med når det gjeld nærtenester.
- Vi vil gjere SFO-tilbodet meir tilpassa lokale behov.
- Vi gjeninnfører tolærarsystem i Haram. Vi aukar lærartettleiken ut i frå det økonomiske handlingsrommet vi får.
- Vi følger opp nye Eidet skule i byggefasen for å sikre praktiske løysingar på fellesareal og trygg ferdsel i anleggsperioden.
- Vi vil ha «Livet og sånn», «MOT – robust ungdom» og «MOT – skulen som samfunnsbyggjar» i vår kommune. Vi vil halde fram med Camp Fjørtoft. Ungdom skal få grunnlag til å sette grenser, bry seg om andre og ta gode val.
- Skulane i kommunen vår skal vere sertifiserte som dysleksivennlege.
- Vi vil motivere skular til å satse på meir utforskande undervisning, praktiske undervisningsformer og djupnelæring.
- Skuleborna skal ha godt digitalt utstyr, og gode og oppdaterte læringsressursar. Vi er ein nynorskkommune, og ønsker så sant det er mogleg å nytte læringsmiddel og læringsressursar på nynorsk.
- Alle elevar skal ha tilbod om lovpålagt svømmeundervisning, og vi må difor sørge for eit godt og funksjonelt anlegg til dette.
- Vi ønsker å gjeninnføre tradisjonen med leirskule for 7. og 10. trinn i Haram. Dei ulike skulane har ulike tradisjonar og turval som vi vil respektere. Vi ønsker ikkje ei absolutt øvre økonomisk ramme og tidsavgrensing for opphalda. Gratisprinsippet gjeld.
UNGDOMMEN
Ungdomsåra er ei brytningstid der identiteten set seg og viktige val blir tekne. Dei unge er nysgjerrige, tek utdanning og flyttar ofte på seg til andre delar av landet. Vi vil at flest mogleg etter ei tid lengtar heim, og kjem tilbake til Haram.
- Vi vil bevare og vidareutvikle det varierte studietilbodet ved Haram vidaregåande skule. Skulen må matche behova frå det lokale næringslivet. Vi er midtpunktet i den maritime klynga.
- Vi vil ha ei blå naturbrukslinje, og framleis YSK ved Haram vidaregåande skule. Det vil betre rekruttering til yrkesval som er sentrale i kystkommunen Haram.
- Vi heiar på entreprenørskap, samarbeid med næringsliv i skuleløpet og rikeleg med lærlingplassar lokalt – både kommunale og i bedrifter. Kommunen skal stille krav til eksterne leverandørar av tenester om at dei må ha lærlingar. Unntak kan vere dei aller minste bedriftene.
- Vi vil støtte etablering av rimelege bustader til ungdom og førstegongsetablerarar.
- Vi støttar opp om lokale lag, fritidsklubbar og foreiningar for barn og unge. Dette motverkar utanforskap, einsemd og psykiske vanskar.
- Det skal vere gode og rimelege ordningar for skyss og transport til og frå stadar der ungdom møtest. Vi vil vidareutvikle og gjere kjent bestillingstenester som «Trygt heim for ein 50-lapp».
- Støtte ordninga med gratis helseteneste for ungdom, inkludert førstelinjetenester knytt til psykiske vanskar. Det skal vere eit lågterskeltilbod å få hjelp når ein treng det. Vi vil i tillegg tilsetje skulepsykolog som samhandlar med tverrfagleg ambulerande team.
- Vi tek initiativ til interkommunalt samarbeid med kommunar som har spesialkompetanse på særleg utagerande born og ungdom med aggresjonsproblematikk.
- Ungdommen er framtida og ein stor ressurs. Vi reetablerer LOOP eller liknande via NAV for å hjelpe ungdom som treng ekstra oppfølging inn i arbeidslivet.
VI TEK VARE PÅ KVARANDRE
I Haram har vi tillit og godt samarbeid mellom brukarar av tenester, tildelingskontor, heimebasert omsorg, omsorgssenter, sjukehus og pårørande. Involvering, tiltak til rett tid og respekt er nøkkelord for velfungerande helse- og velferdstenester. Sjølv om ein treng hjelp, skal ein framleis ha eigarskap til eigne levekår. Alle har rett på gode helsetenester uavhengig av personleg økonomi og kvar ein bur.
- Kommunen skal vere god på førebygging og tilby ergoterapeut og rådgjeving som sikrar godt bustadval for seniorar.
- Vi vil ha god heimebasert omsorg som legg til rette for at folk kan bu heime så lenge som mogleg, men vi skal også ha eit godt utbygd tilbod av omsorgsbustader og sjukeheimsplassar.
- Vi skal bli gode på å bruke rett type velferdsteknologi til folk. Nye system skal betre levekåra til brukargruppene utan å vere tidstjuvar for dei tilsette. Målet er å få meir tid til det grunnleggjande: Kontakt mellom menneske, tryggleik og enklare liv.
- Vi skal ha gode møteplassar for seniorar. Sosial kontakt og fellesskap motverkar einsemd og utanforskap.
- Vi vil ha gode dagtilbod og avlastning for menneske med demens. God støtte og dialog med dei pårørande er viktig.
- Vi skal behalde helsestasjonane i Brattvåg, på Vatne og på Haramsøya.
Vårt mål er å sikre rekruttering til helsetenester ved å:
- satse på heile stillingar. Ufrivillige deltidsstillingar er uakseptabelt
- ha konkurransedyktige og gode lønns- og arbeidsvilkår
- sørge for forutsigbare turnusar som reduserer belastninga på personalet. Haram Senterparti meiner at tidleg og gjennomtenkt turnusplanlegging er viktig og at dei tilsette blir involvert i dette arbeidet
- finne gode og effektive løysingar for drift i helse og omsorg for å unngå slitasje, redusere sjukefråver og auke trivsel på arbeidsplassen
- Satse på lærlingar
- Vi vil gjere Haram attraktivt for fastlegar. Vi skal ha ein strategiplan for å sikre rekruttering og stabile fastlegetenester over tid. Vi står på for gode legetenester på øyane i framtida. Vi er opne for at legar skal kunne arbeide med ulike driftsavtalar i Haram.
- Livet sin verdi er ukrenkjeleg sjølv når den siste tida nærmar seg. Vi vil gjere folk kjent med og rettleie for god bruk av framtidsfullmakt.
- Det skal vere gode tenester knytt til førebygging og tidleg innsats ved rusmisbruk, omsorgssvikt og vald. Dette krev omtanke for pårørande og breitt tverrfagleg samarbeid. Det skal avsettast gode ressursar til PPT, psykisk helsearbeid, barnevernstenesta og rusomsorg.
- Vi skal frå starten av i ny kommune delta i program for å styrke nærværsfaktorar på kommunale arbeidsplassar. Vi må styrke det som aukar trivsel og arbeidsglede.
- Fagorganisasjonane er ein stor ressurs og samarbeidspartnar for kommunen.
- Gjeninnføre «Inn på tunet»; tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk.
- Måltid og god kvalitet på mat er viktig på omsorgssentera.
Å BYGGE, BU OG ARBEIDE
Haram skal vere den beste bu- og næringslivskommunen i vår region. Det skal vi legge til rette for, og bygge som merkevare. Det må bli enklare å finne draumetomta anten du vil bu i bustadfelt, blokk eller på småbruk.
- Haram gjeninnfører Haramsmodellen: Tett og godt samarbeid kommune – næringsliv og skule. Skuleborn bør involverast allereie frå ungdomsskulealder. Ungt entrepenørskap skal brukast aktivt i grunnskulen.
- Vi vil etablere næringsfond, vi støttar gründerar og vi vil vidareføre HoppID-ordninga.
- Vi vil bygge ein økonomisk solid kommune, og ønsker å fjerne eigedomsskatten på sikt.
- Vi utarbeider ein heilskapleg strategi for bulyst i alle deler av kommunen. Vi har ein offensiv tomtepolitikk. Ledige tomter og bustadar skal organiserast i ein eigen kommunal bustad/tomteportal. Vi tilbyr rimelege kommunale tomter.
- Vi vil legge til rette for fortetting av bustadbygging i tettstadane i kommunen, som i Brattvåg, Vatne/Tennfjord og Søvik.
- Vi vil ha lys i alle hus. Unngå at våningshus vert ståande tomme/unytta etter kjøp og sal av gardsbruk. Motivere og sette krav til utskiljing eller bruksplan.
- Vi vil ha tankesmier og næringsforum fysisk og digitalt for å vidareutvikle næring. Senterpartiet vil støtte etablering av cowork på Nordøyane med formål at dei med heimekontor kan møtast og ha arbeidsfellesskap.
- Vi tek i mot flyktningar på ein god måte, og vi vil busette og integrere dei i heile kommunen. Språkopplæring er viktig. Vi må ha eit godt og rimeleg tilbod som også femnar om arbeidsinnvandrarar, inngifte og familiemedlem som kjem ved familiegjenforeining.
NATURRESSURSANE RUNDT OSS – OG BRUKEN AV DEI
Vi er stolte av dei varierte landareala og havrommet vi disponerer. Haramsfolket har rike tradisjonar for å leve av jorda og havet. Naturressursane skal takast vare på, men også kunne nyttast til rekreasjon for alle.
- Haram skal vere ein aktiv og mangesidig landbruk- og havbrukskommune, som både held kulturlandskap og ressursar frå havet i hevd gjennom rikeleg produksjon av trygg og rein mat. Vi er vertskapskommune for landbruk. Fagkompetansen skal vere høg.
- Havrommet og artsrikdommen under overflata gir rom for nye og etablerte næringar. Lokal forankring, oppdatert fagleg kunnskap, «føre var-prinsipp» og omsyn til sårbare økosystem veg tungt.
- Vi vil verne om verdifulle kulturlandskap. Jordvern står sterkt.
- Vi meiner at kommunen og lokalsamfunna sjølve skal ha siste ord når det gjeld vindkraftproduksjon.
- Jorda skal drivast og haldast i hevd. Matvaresikkerheit og beredskap er viktigare enn nokon gong.
- Vi vil arbeide aktivt inn mot fylke og departement for å finne ei løysing på utfordringane ved bebygd areal på LNF-område. Det rigide regelverket hemmar i dag utvikling av eiga tomt for mange i Haram, og fører til unødig sakshandsaming og gebyr.
- Vi vil ha ei viltforvaltning som tek omsyn til landbruket. Hjortestammen er ein ressurs, men skal forvaltast til eit varig berekraftig nivå. Det er god dyrevelferd og bra for trafikktryggleiken.
- Vi vil samarbeide med lokale krefter og frivilligheita for å skape fleire areal der menneske med ulike fysiske utfordringar kjem betre i kontakt med naturen. Døme kan vere fisking frå rullestol og fleire turvegar med universell utforming. Vi lyttar til innspel frå brukarorganisasjonar.
- Ha ein eigen plan i kommunen for å ta vare på naturmangfald. Døme kan vere:
- Kartlegge førekomst av humler, villbier og andre pollinerande insekt. Gjere tiltak for å motverke insektdød.
- Gjennomføre kartlegging av sjøfugl. Utarbeide sårbarheitsanalyse og avbøtande tiltak for å hindre bortfall av artsrikdom.
- Syne særleg merksemd til - og kartlegge raudlista og truga artar.
- Oppdatere planverk knytt til arealutnytting basert på nye kartleggingar av artar.
- Innføre skotpremie på mink, rev og kråke til fastsette tider.
FRÅ A TIL B
Kvar dag ferdast tusenvis av mjuke trafikantar og køyretøy på vegane våre. Vi skal på skule, arbeid, heim eller berre sjå oss rundt. Det viktigaste er at vi alle kjem fram og ferdast trygt.
- Vi vil ha trygg skuleveg og forsvarleg skuleskyss til alle elevar.
- Det er viktig for oss å finne tryggare løysing for vegkryssing ved Brattholmneset og Synnaland, og sikre mjuke trafikantar langs Vesterheim.
- Vegen til Terøya skal utbetrast.
- Når skulen på Eidet står ferdig, bør 40-sona frå nye Eidet skule til nedkøyringa til Tennfjord forlengast for å sikre barna. Dette reduserer også støy og andre trafikkuhell. Dette vil også forenkle utbygging av nye bustadar i nærområdet. Rekkefølgekrav om eigne overgangar på grunn av noverande høgare fartsgrense kan då falle bort, slik at dei regulerte bustadtomtene på nordsida kan utbyggast.
- Vi ønsker lys ved alle busslommer i heile kommunen gjennom samarbeid med fylket.
- Vi vil jobbe inn mot fylket for å betre kollektivtilbodet for elevar ved HVS.
- Vi meiner at bompengane på Nordøyvegen bør ned for å sikre sjølve intensjonen og potensialet i sambandet: Positiv samfunnsutvikling, auka busetjing, næringsutvikling og tettare relasjonar også med fastlandet.
- Vi vil ha Nordøyvegen inn som Nasjonal Turistveg. Det vil bli ein katalysator for utvikling av turistnæring og gjere dei flotte naturområda meir tilgjengelege.
- Nytt kollektivknutepunkt på Lausund må realiserast så raskt som mogleg.
- Vi skal kjempe for eit betre kollektivtilbod og god korrespondanse mellom buss, hurtigbåt og ferje. Vi lyttar til lokale innspel. Fleksible løysingar og tilkallingsknapp er aktuelle verkemiddel.
- Vi vil jobbe for ei forsvarleg transportløysing for folket på Store Kalvøy, som sikrar vilkåra for busetnad og vekst.
- Vi vil ha trygg og stabil nettilgang i kommunen for beredskap og stabile tenester.
- Vi vil halde kommunale vegar i forsvarleg stand.
- Vi ønsker å arbeide for meir gang- og sykkelsti langs deler av Vatnevegen. Fylkesveg 147.
- Vi arbeider for å komplettere gang- og sykkelsti frå Vadset til Eidet gjennom Tennfjord.
- Vi vil jobbe for ny bru på Vatne.
- Arbeide opp mot fylket for å prioritere vedlikehald og utbedring av Hildrestrandvegen og andre fylkesvegar i kommunen.
- Arbeidet med Hamnsundsambandet held fram.
FRITID, IDRETT OG KULTUR
Kulturlivet i Haram skal blomstre. I fritida di skal du ha eit rikt utval aktivitetar å velje i. Kommunen skal støtte opp om frivilligheita og ha ei aktiv satsing på idrett og friluftsliv.
- Vi vil gi god kommunal støtte til lag og organisasjonar som driv kulturarbeid, idrett og friluftsliv.
- Folkebiblioteka skal vere levande møteplassar og arena til debatt for menneske i ulike aldersgrupper og mellom generasjonar. Biblioteka skal vere meiropne.
- Vi vil at dei nye folkebiblioteka på Eidet og Haramsøya skal fungere som forenkla innbyggartorg.
- Aktivt medverke til bygging av nye anlegg ved å nytte trepartsamspelet, kommunal støtte, tippemidlar og dugnad.
- Fullføre arbeidet med bygdebøker.
- Ha ein strategi for å støtte klubbar og lokalmiljø som treng lokale og utviklar møteplassar for ungdom og eldre i bygdene våre, som ungdomsklubb i Brattvåg.
- Vi vil ha Ungdommens kulturmønstring (UKM). Unge utøvande kunstnarar og artistar treng ei scene å syne seg fram og vekse på.
- Vi skal ha ein frivilligkoordinator.
- Haram Senterparti står ved vedtekne prioriteringar i investeringsplanen.
- Vi ser positivt på utviklinga av ein kunstnarresidens på Flemsøya/Skuløya, og støttar opp om lokale kunstnarar.
- Friluftsliv er ei viktig kjelde til betre helse, livskvalitet og bulyst. Vi vil ta vare på og medverke til utvikling av friluftsområde slik at innbyggarane kan drive eit aktiv og variert friluftsliv i kvardagen.