GRUNNSYN Senterpartiet vil bygge framtida på dei kristne grunnverdiane og eit levande folkestyre. Vi vil skape gode lokale fellesskap av frie og sjølvstendige menneske - der rettferd, tryggleik og likeverd er berande prinsipp. |
Bulyst
Samferdsle
Trygge tenester
KVA HAR SENTERPARTIET FÅTT TIL DESSE 4 ÅRA?
- Vi har bidrege til at vi no har fått betre kontroll på kommune-økonomien, og sommaren 2022 vart vi utmeldt av ROBEK-registeret. Likevel er situasjonen framleis krevjande, og ein må arbeide aktivt for å hindre at vi hamnar i same uføret nok ein gong.
- Den store utfordringa i siste periode har vore samferdsle. Saman med dei andre gruppene i kommunestyret greidde vi å få på plass seglande reserve-ferje i sambandet Larsnes – Åram – Voksa – Kvamsøya; og vi har arbeidd med praktiske løysingar i den perioden då dei ulike ferjekaiene skal byggast ut til større ferjemateriell. Årvika ferjekai vil bli alternativ stoppestad på Gurskøya – noko som også sikrar at oppstillingsplassen der blir betra for framtida i høve dagens situasjon.
- Det har kome ny ambulansebåt/samfunnsbåt som er stasjonert på Larsnes. Dette sikrar kort avstand til ambulanseteneste og brann-mannskapet ved utrykking, og samfunnsbåten skal også kunne ta signalanløp til Haugsholmen og Storholmen.
- Det har vore arbeidd aktivt med både Sande Fastlandssamband og Rovdefjordsambandet i perioden. Sande Fastlandssamband har fått støtte til grunnundersøkingar, medan Rovdefjordsambandet har arbeidd med seglingshøgda i Rovdefjorden – med mål om å redusere utbyggingskostnadane.
- Kommunestyret har vedteke ny samfunnsdel til kommuneplanen og ny kommunedelplan for Larsnes. Dette sikrar mellom anna utbygginga av nye omsorgsbustader i tilknyting til Sandetun. Kyrkjebygga våre har dei siste åra vore igjennom ei stor og nødvendig utvendig oppgradering.
- Vi fekk tilsett ungdomsarbeidar i kommunen, samtidig med at vi styrka helsestasjonen sitt arbeid i skulane. Vi har også fått på plass både kommunepsykolog og ergoterapeut – og vi greidde også å behalde eit tannhelsetilbod for brukarane på institusjonen og for barn med særskilte behov.
- Kommunestyret vedtok eit spenstig økonomisk grep ved å tilby lavare formueskatt hausten 2022. Skatten vart redusert frå 7 til 5 promille i 2023, og skal ytterlegare ned til 2 promille frå 2024. Målet er å bli ei meir attraktiv kommune for folk som ønskjer å investere i lokalt næringsliv – slik at ein på den måten skaper fleire lokale arbeidsplassar og legg til rette for bulyst og tilflytting.
- Vi har i perioden teke strategiske grep for å inkludere dei kommunale råda i kommunen på ein betre måte. No har alle råda representasjon frå kommunestyret, og dei får alle aktuelle saker til behandling i forkant av behandling i utval, formannskap og kommunestyre.
- Til slutt må vi nemne at vi hadde ein flott dag med kongebesøk i kommunen vår 31. august 2022. Her fekk vi vise fram det beste av kultur og dugnadsinnsats – med born og unge i sentrum. Eit flott program med svært gode tilbakemeldingar. Takk til alle som bidrog!
Senterpartiet er ærlege på at dei fleste av desse tiltaka har hatt brei politisk semje – og vi vil særleg framheve det gode samarbeidet med Arbeidarpartiet og Framstegspartiet denne siste perioden.
KVA VIL SENTERPARTIET DEI KOMANDE 4 ÅRA?
Næringsliv
Sande Senterparti vil:
- vere ein aktiv samarbeidspart for næringslivet
- stimulere til gründerverksemd i kommunen
- aktivt bruke formueskatten for å stimulere til ny næringsverksemd
Landbruk
Sande Senterparti vil:
- stimulere til at vi framleis skal ha eit aktivt landbruk
- ha eit aktivt landbrukskontor i kommunen
- gje etableringsstønad til dei som vil satse på landbruket
Klima og miljø
Sande Senterparti vil:
- seie nei til vindkraft både til lands og til havs
- seie ja til utnytting av vasskraft og anna fornybar energi
- opprette fleire ladestasjoner for el-bilar
- forebygge attgroing langs vegane våre
Samferdsle
Sande Senterparti vil:
- arbeide for to ferjer i sambandet Larsnes – Åram – Voksa – Kvamsøya også i framtida
- oppretthalde og styrke hurtigbåtsambandet til øyane
- styrke busstilbodet og arbeide for betre tilknytning til Timesekspressen
- arbeide for realisering av Sande Fastlandssamband
- arbeide for realisering av Rovdefjordsambandet
Kommunen
Sande Senterparti vil:
- arbeide for ein styrka kommuneøkonomi
- framleis legge til rette for at Eldrerådet, Rådet for personar med nedsett funksjonsevne og Ungdomsrådet har direkte innflytelse på saksgangen i saker dei ønskjer å engasjere seg i
- arbeide for trygge og gode arbeidsplasser og lavare sjukefråvær
- styrke vedlikehaldet av kommunale bygg
- satse på god informasjon og markedsføring av kommuna vår
- framleis ha eit godt samarbeid med nabo-kommunane; ved inter-kommunalt samarbeid bør Sande ta på seg vertskommuneansvaret
Bulyst
Sande Senterparti vil:
- stimulere til at fleire vil bu i kommunen
- arbeide med god integrering og skape eit rikare fellesskap
- tilby tomter for busetting der folk ynskjer å bu
- gje etableringsstønad til dei som vil etablere seg i Sande
Kyrkje
Sande Senterparti vil:
- at kyrkjene skal vere ein god og trygg samlingsplass for alle
- styrke økonomien til kyrkja
- sikre løpande vedlikehald av kyrkjene
- få på plass ordninga med festeavgift og sikre god drift og vedlikehald av gravstadane
Kultur
Sande Senterparti vil:
- ha eit godt og variert kulturskuletilbod i heile kommuna
- styrke samarbeidet mellom frivilligsentralen og biblioteket
- bruke kulturaktivitetane i markedsføring av kommuna
- oppmode frivillige lag og organisasjonar om å søke kulturmidlar
- gjere kulturminna kjent og til ein del av kulturarven vår samt ha fokus på kulturvern
Oppvekst
Sande Senterparti vil:
- framleis styrke fagmiljøet i skule og barnehage
- sikre borna eit godt sosialt og trygt arbeidsmiljø
- arbeide for symjebasseng, og i påvente av det; styrke symjeopplæringa utandørs
Ungdomsmiljø
Sande Senterparti vil:
- sikre ungdomsarbeidarstillinga og legge til rette for ungdomsretta aktivitetar
- la Ungdomsrådet og ungdomane bli høyrde på ein god måte i saker som er viktig for dei
- arbeide for ei god og sikker ungdomstid utan rusmiddel
- arbeide for betre transportløysingar over kommunegrensene ved konsertar og arrangement
Helseteneste
Sande Senterparti vil:
- arbeide meir aktivt for rekruttering av leger til kommunen
- fokusere på psykisk helse fra vogge til grav og styrke psykiatritenesta sitt lavterskeltilbod
- styrke tannhelsetilbodet gjennom å bruke den lokale tannklinikken i større grad
Pleie og omsorg
Sande Senterparti vil:
- sikre at alle skal få bu heime så lenge det er gjennomførlig
- tilby tenesta «rett tilbod til rett brukar»
- legge til rette for bruk av ambulansebåten i heimetenesta
- styrke tilbodet om etterutdanning som betre møter brukarane sine behov