Kommunevalprogram 2023 - 2027
Vi håper – at du vil arbeide i lag med oss for å skape eit godt lokalsamfunn!
Vi vil arbeide for å gjere Surnadal til ein kommune som vi ønsker å bu og leve i. Vi vil skape bulyst ved satsing på bustadtomter i heile kommunen, desentralisert skulestruktur og å halde eigedomsskatten låg. Vi skal utvikle Surnadal Helsehus til ein moderne og attraktiv arbeidsplass som tilbyr helsetenester med høg kvalitet.
Vi vil – sikre gode tenester og trygge lokalsamfunn nær folk
- Aktivt legge til rette for frivilligheit, idrett og kultur
- Ta miljøet på alvor med berekraftig naturforvaltning og vern av matjord
- Vere pådrivar til utvikling av miljøvennlege verksemder og levemåtar
- Prioritere beredskapstenester – politi, brann og helsetenester
- Halde eigedomsskatten så låg som mogleg
KLIMA OG NATURMANGFALD
Vi vil – at bruken av naturressursane våre skal vere berekraftig
- Arbeide for at elvane i kommunen vert til det beste for både fiske, kraftproduksjon og naturmangfold. Samt vere med i å arbeide for oppretthalding av flomløp, opprusting og nybygging av elveforbygginger og sikring av matjord saman med elvaeigarlag.
- Arbeide for utvikling og styrking av straumnettet og leggje til rette for etablering av meir grøn energi.
- Halde rovdyrsbestanden på eit nivå som mogleggjer eit aktivt utmarksbeite.
OPPVEKST
Vi vil - at du skal vere trygg på at ungane får best mogleg skuletilbod og oppvekstmiljø
- Oppretthalde alle skular og oppvekstsenter i kommunen
- Sikre fortsatt full barnehagedekning og rullerande barnehageopptak
- Stimulere til godt samarbeid med ungdomsrådet
- Satse på fleire lærlingeplassar
- Vidareføre ordninga «Sommarjobb for ungdom» på fast basis
- Sikre ressursar til tidleg innsats kring ungar som treng ekstra oppfølging
- Arbeide for å hindre utanforskap i samarbeid med skule og næringsliv
- arbeide saman med fylkeskommunen og næringsliv for å utvikle og oppretthalde aktuelle utdanningstilbod ved Surnadal Videregåande skule
REHABILITERING OG OMSORG I HELSEHUSET
Vi vil - at omsorga i heimen og helsetenestene skal vere der når du treng dei.
- Byggje fleire tilrettelagte plassar for heildøgns omsorg
- Utvide dagtilbodet innan eldreomsorga
- Satse på rehabilitering
- Utvikle og styrke tilbod innan psykisk helse og rus
- Sikre kvaliteten i heildøgnomsorga for dei sjukaste ved å ha god kompetanse innan sjukepleie- og legetenestene
- Vi skal ta raskt imot alle utskrivingsklare pasientar frå sjukehus
HELSE OG FØREBYGGING
Vi vil – at du skal få gode helsefremmande tenester i alle fasar av livet
- Sørge for gode avlastings- og støtteordningar for pårørande
- Legge til rette for tydelege rusfrie møteplassar for ungdom under 18 år
- Oppretthalde skulehelseteneste på alle grunnskulane
NÆRINGSLIV
Vi vil – at lokal verdiskaping skal sikrast gjennom eit allsidig og berekraftig næringsliv og eit sterkt landbruk
- Etablere eit innbyggjarutval for landbruk som i samarbeid med sentrale myndigheiter kan finne gode løysingar for framtidas landbruk.
- Ta på alvor at vi er ein stor skogbrukskommune og vil stimulere til etablering av ny industri basert på skog.
- Satse på Surnadal hamn og legge til rette for betre infrastruktur og auka aktivitet
- Satse på å utvikle attraktive næringsområde, støtte opp om etablerte bedrifter og synleggjere moglegheitane for nyetablering
- Trinnvis etablering av næringstomter i Røtet.
- Støtte lokale reiselivsaktørar.
- Støtte desentraliserte utdanningstilbod som kan sikre kompetanse til offentleg og privat sektor
- Arbeide for fleire statlege arbeidsplassar i Surnadal
SAMFERDSEL
Vi vil – at vegar og kollektivtrafikk skal vere godt utbygd for deg som innbyggar, pendlarar, turistar og lokalt næringsliv
- Sikre realisering av Todalsfjordprosjektet
- Styrke vedlikehaldet av kommunale vegar og bruer
- Sikre bussknutepunkt i Surnadal
- Etablere gangveg og gatebelysning kring heile nedre Surnadal
- Prioritere gang- og sykkelvegar og trygge skulevegar
- Fullføre byggjing av Øyabrua i Todalen
BEREDSKAP
Vi vil - at du skal vere trygg når krisa inntreff
- Oppretthalde eksisterande branndepot, og støtte nyetableringar
- Oppretthalde ambulansetenesten på dagens nivå
- Sikre tilstedeverande politi lokalisert i Surnadal
- Sikre ei god følgeteneste for fødande
- Styrke legevakttenesta gjennom f.eks innføring av satellitt-teneste legevaktbil
- Ha St.Olav som akuttsjukehus
- Arbeide for full utbygging av fibernett og mobildekning.
SURNADAL KOMMUNE – KULTUR OG IDENTITET
Vi vil – at du skal vere stolt av å bu i Surnadal kommune
- Ha og legge til rette for attraktive boligtomter og stimulere til bygging av leiligheter i ALLE delar av kommunen. Synleggjere moglegheitane for bygging av hus i kommunen.
- Legge til rette for god integrering av flyktningar
- Legge til rette for ei inkluderande folkekyrkje som ein viktig kultur- og verdiberar
- Sørge for eit godt vedlikehald av kommunale bygg og kyrkjene
- Bidra til god drift og utvikling av idrettsanlegg
- Arbeide for at Surnadal Alpinsenter får ny varmestue
- Oppgradering av Kulturhuset som ein møteplass på tvers av generasjonar
- Lage eit godt sentrum for alle i sluttspurten med Sentrumsplan
- Støtte arbeidet med kunstisbane og vidareutvikle Øye-området
- Sluttføre arbeidet med å få på plass snøscootertrase i kommunen
- Arbeide for å skape fleire attraksjonar som som kan sette Surnadal på kartet