Gå til hovedinnhold

Tingvoll Senterparti sitt program 2023-2027

Tingvoll Sp

Næringsliv

  • Ta vare på og vidareutvikle eksisterande næringsliv
  • Støtte nye etableringar
  • Setje av tilstrekkelege midlar til næringsfondet
  • Ha tilgong til næringsrådgjevar
  • Syte for at primærnæringane får tilstrekkeleg råd og rettleiing
  • Arbeide for å oppretthalde og vidareutvikle forskingsmiljøa i kommunen
  • Legge til rette for lokale møteplassar for næringslivet
  • Berekraft og lokale omsyn skal vektleggast i kommunen sine kjøp av varer og tenester
  • Legge til rette for vidareutvikling og nyetableringar på næringsområda i kommunen

 

Skole og barnehage 

  • Dagens skulestruktur i Tingvoll ligg fast
  • Ha løpande barnehageopptak
  • Gje likestilt tilbod til alle skulane, til dømes symjeopplæring og Inn på tunet
  • Helsesjukepleiar skal vere til stades på alle skulane og ha open dør minst éin dag i veka
  • Meir samarbeid mellom skulane, slik at elevar får moglegheit til å bli kjend med og lære av kvarandre
  • Oppretthalde MOT-arbeidet i kommunen
  • Sikre alle elevar individuelt tilpassa undervising
  • Styrkje innhaldet i SFO med auka fysisk aktivitet og samarbeid med kulturskulen 
  • Satse meir på mat i alle barnehagane
  • Arbeide for å realisere nytt skulebygg ved Tingvoll vidaregåande skule
  • Arbeide for et variert linjetilbud ved Tingvoll vidaregåande skole
  • Innføre stipend til nye elevar ved Tingvoll vidaregåande skole
  • Jakt og matauk skal vere ein del av barnehagen og skulen
  • Støtte opp om elevbedrifter i skulane

 

Infrastruktur og bygningar 

  • Styrke vedlikehaldet av kommunale bygningar 
  • Arbeide for fast dekke på alle kommunale vegar og intensivere vedlikehaldet i tråd med vegplan
  • Arbeide for realiseringa av Halsafjord- og Todalsfjordssambandet 
  • Arbeide for at RV70 mellom Meisingset og Ålvundfossen blir realisert 
  • Arbeide for ny fylkesveg frå rv70 til Meisingset oppvekstsenter

 

Miljø 

  • Ta vare på matjorda og styrke nydyrking
  • Utbetre og bygge nye kloakkanlegg i kommunen
  • Krav om berekraft ved etablering av nye oppdrettsanlegg både på land og sjø
  • Nye kommunale bilar skal vere el- eller hybridbilar
  • Fortsetje eit aktivt arbeid mot avfallsdeponiet på Raudsand 
  • Ha fokus på berekraft i alle kommunen sine aktivitetar
  • Støtte ei berekraftig samfunnsutvikling som forbetrar omgivnadane vi lev i
  • Bruke tenester og vareleveranser frå nærmiljøet

 

Helse og omsorg 

  • Styrke grunnbemanninga for å redusere sjukefråværet og avgrense bruk av vikarbyrå 
  • Legge til rette for at eldre kan bu heime så lenge dei ynskjer 
  • Samlokalisere sjukeheimen og Vonheim 
  • Bygge sentrumsnære omsorgsboligar 
  • Behalde kjøkenet på sjukeheimen
  • Styrke helsetilbodet innan psykisk helse
  • Rekruttere og tilsette folk under utdanning 
  • Forplikte seg til å ta inn fleire lærlingar
  • God arbeidsgjevarpolitikk for å behalde, rekruttere tilsette og ha ein aktiv seniorpolitikk
  • Alle som vil skal ha 100% jobb 
  • Sikre alle innbyggjarane fastlege i kommunen 
  • Førebygge rusbruk blant ungdom i samarbeid med politiet 

 

Kultur og idrett 

  • Få på plass ei overordna temaplan for kultur, deriblant behov for lokalar til kulturlivet
  • Auke stønaden til arrangørar, lag og organisasjonar 
  • Støtte Tingvoll IL for å realisere Tingvoll Arena 
  • Utvikle bibliotektilbodet i kommunen 
  • Bruke lokale kulturaktørar til kommunale kulturprosjekt
  • Fortsette støtta til Tingvoll kinolag 
  • Sikre ungdomsklubb både på Tingvoll og Straumsnes 
  • Behalde budsjettet for kulturskolen på minst same nivå og få på plass ei utviklingsplan
  • Fortsette oppvarming av svømmehall og behalde opningstidene 

 

Levende bygder 

  • Støtte opp om arbeidet med frivillighetssentral i Tingvoll
  • Alle husstandar skal ha tilbod om høghastigheitsbreiband 
  • Eigedomsskatten skal ikkje bli auka
  • Jobbe for å få fleire til å flytte til kommunen 
  • Jobbe for fleire bussavgangar og meir fleksibel kollektivtransport
  • Vidareutvikle samarbeidet med nabokommunane om kommunale tenester 
  • Være positiv til bustadbygging i heile Tingvoll 
  • Framsnakke og arbeide for eit godt omdømme av kommunen 
  • Ha økonomiske midlar til rådigheit for ungdomsrådet, eldrerådet og rådet for personar med funksjonsnedsetting
  • Støtte til fritidsaktivitetar for familiar som treng det
  • Legge til rette for god integrering