Meny

Bli kjend med Dordi Boksasp Lerum

Dordi er vår toppungdomskandidat og står på 4.plass på fylkestingslista

Dordi.jpeg

 

Fakta om Dordi

Fødd: 2002

Bustad: Oslo, midlertidig

Yrke: Student og praktikant i Senterpartiet

 

Dordi er 20 år gammal og er frå Tingvoll på Nordmøre. Ho er glad i folk, dyr, mat, natur, strikking og folkemusikk. Ho er for tida student i Oslo samstundes som ho er praktikant i Senterpartiet. Studentlivet i storbyen minnar ho kvar dag på kor glad ho er i heimfylket sitt. Ho saknar naturen, det å møte kjentfolk på butikken, fjøslukta, smilande bussjåførar, familien og vener. Gleden er difor stor til ho kan flytte heimatt til fagre Nordmøre og Møre og Romsdal for å gjere fylket enda betre for alle som bur her.

Dordi stiller til val fordi ho ynskjer å ta vare på dei vidaregåande skulane våre, ho vil at bussen skal vere billigare og gå oftare og at fleire ungdommar skal ha lyst å flytte heim til Møre og Romsdal. 

Hjertesaken hennar er at folk skal kunne bu og leve det gode liv i heile landet, og alle små og store politiske grep vi kan gjere for å få til det!

 

Sjå alle kandidatane våre