Meny
Lisa Alvestad, 5.kandidat (Foto: Rune Hagen)

Bli kjend med Lisa Alvestad

Lisa er 5.kandidat på fylkestingslista og kjem frå Haram.

GAL_19404_210997_4729884_1
2022 Lisa Alvestad, Møre og Romsdal

 

Fakta om Lisa

Fødd: 1986

Bustad: Hildre i Haram kommune

Yrke: Marknads- og utviklingssjef i eit lite lokalaviskonsern og tidlegare bibliotekar

 

Lisa er ei engasjert firebarnsmor på 36 år frå Haram. Ho er opptatt av gode vidaregåande skuler, gode veger, kollektivtransport som går når du treng det, og tett samarbeid med næringslivet for å utvikle fylket.

Ho har erfaring som bibliotekar, og er marknads- og utviklingssjef i eit lite lokalaviskonsern. I sumar tok ho over familiegarden på Alvestad.

Lisa stiller til val fordi ho vil at fylkeskommunen skal vere til for å gjere livet til innbyggarane betre ved å sørge for gode tenester. Det må vere enkle og fleksible løysingar tilpassa dei ulike lokalsamfunna i fylket vårt. Ein må alltid stille seg spørsmålet om det ein gjer er til nytte for innbyggarane eller ikkje, før ein vedtek noko.

Det ho set mest pris på der ho bur er kveldssola om sommaren, som går ned mellom nordøyane, folka som bur her og dugnadsanden.

Viss Lisa skal velje ei sak ho brenn for, er det god infrastruktur, slik at folk kjem seg trygt og effektivt dit dei skal både på jobb og fritid.

🍀 Gode tenester nær folk

🍀 God infrastruktur

🍀 Gode utdanningsmoglegheiter i fylket

🍀 Kollektivtransport som går når du treng det

🍀 Samarbeid med næringslivet for å utvikle fylket

 

Sjå alle kandidatane våre