Meny

Bli kjend med Per Ivar Lied

Per Ivar Lied er vår 1.kandidat til fylkestingsvalet i Møre og Romsdal 

DSC00827.JPG

 

Fakta om Per Ivar Lied

Fødd: 1970

Bustad: Ørsta

Yrke: Diplomat/Rådmann/Prosjektleiar

Per Ivar Lied er samfunnsengasjert familiemann frå Stranda Kommune, men har dei seinare åra budd i Ørsta. Han er ein aktiv friluftsperson som set stor pris på aktivitet, busetjing og aktivt næringsliv i heile fylket. 

Som den samfunnsengasjerte personen han er ønskjer han å få påverke politikken i fylket ved å stille til val i år, han meiner at Senterpartiet trengs på alle nivå for å få gode lokalsamfunn landet over.

Han brenn spesielt for aktive lokalsamfunn. For å få til det må vi ha næringsutvikling i heile fylket, gode og trygge vegar, rimelige ferjer som går ofte nok og ikkje minst godt innhald i oppvekst og omsorg. Inkludering og psykisk helse er viktig, ikkje minst i skulen!

Sjå alle kandidatane våre