Aud Hove
Født:
1970
Kommune:
Skjåk
Stilling:
- Gruppeleiar for Senterpartiet i Innlandet
- 2. nestleiar KS
- Leiar i rovviltnemnda i region 3 – Oppland (tredje periode).
Erfaring/kort biografi:
- Utdanna agronom og dreiv heimgarden med sau og slaktegris frå 1993 til 2007.
- Arbeidde ved Skjåk ungdomsskule som kontorhjelp, assistent og musikklærar frå 2000 til overgangen til fylkespolitikken.
- Fritidsinteresser inkluderer turar i skog og fjell, musikk (korps, song, toradar), amatørteater, lesing og strikking.
- Starta i lokalpolitikken i Skjåk i 1995, med verv i kommunestyret, formannskapet og som leiar for helse- og omsorgsutvalet.
- Vart heiltidspolitikar i Oppland frå 2015.
- Leiar for Næring, miljø og klima i Oppland.
- Fylkesvaraordførar i både Oppland og Innlandet, og fylkesordførar i Innlandet i ei kort periode.
- Vararepresentant på Stortinget sidan 2020 i Utdannings- og forskningskomiteen.
- Styreverv i Kraftfylka, Opplæringskontoret Gudbrandsdalen og Teater Innlandet.
3 av mine viktigste saker er:
- Levande lokalsamfunn med gode tenester og tilbod
- Eit landbruk som aukar norsk matforsyning
- Eit helsevesen på kommunane og pasientane sine premiss
"Eg vil at ungdommar skal ha tilgang til utdanning i heile Innlandet og vil utvikle ein desentralisert skulestruktur, i motsetning til Arbeiderpartiet, Høyre og MDG som vil avvikle."
«Eg meiner det er avgjerande å auke norsk matforsyning og sikre bruken av utmarksressursane til beitedyr og villrein, i motsetning til Arbeiderpartiet og Høgre som i Stortinget ikkje stemmer for ei meir effektiv rovviltforvaltning.»
«Eg meiner at helseforetaksmodellen er på tur til rasere det norske helsevesenet med giga-store investeringsprosjekt som kommunane og pasientane må betale prisen for ved at pasientar blir sende til kommunane før dei er ferdigbehandla og finansieringsmodellen tek knekken på drifta av sjukehusa. Helseforetaksmodellen må skrotast!»