Senterpartiet må lyfte eigen klimapolitikk
Senterpartiet må skjerpe innsatsen for miljø og klima ved å lyfte vår eigen vedtekne klimapolitikk.
Grunngjevinga for å stemme imot ulike klimatiltak er ofte god; ein vil mellom anna skjerme lågtlønte eller næringsliv frå auka kostnader – men konsekvensane kan vere auka utslepp. Senterpartiet må som eit truverdig grønt parti gå i bresjen for effektive klimatiltak. Klimaendringar, tørke og flaum rammer også våre kjerneveljarar i landbruket.
Senterpartiet må lyfte fram og fremje våre eigne, programfesta klimaløysingar, som til dømes omstilling, grønt næringsliv og effektive støtteordningar for næringsliv som vil omstille seg. Vi må gje norsk næringsliv auka konkurransekraft gjennom å stø dei som vil satse på ny teknologi. Andre tiltak kan vere kraftig auka tilskot til ENØK, som bergvarme og sol. Det kan vera auka omstilling til ny fossilfri teknologi i landbruket og til sjøs, og det kan vera auka stønad til eigenproduksjon og desentralisert lagring av straum i hushaldningar, landbruk og næringsliv. Statsstøtta omstilling resulterer ofte i auka konkurransekraft.
Senterpartiet vil:
- gje meir støtte til grøn omstilling og dermed auka konkurransekraft for norsk næringsliv.
- styrke utprøving og etablering av nye ENØK-tiltak.
- gje landbruket friske midlar for utprøving av nye, fossilfrie teknologiar.
- opne for avgiftsfritak for bruk av biodiesel.
- arbeide for auka CO₂-avgift på fossil flybensin for utanlandstrafikk.
- stø utprøving av elektriske fly på kortbanenettet.
- bruke noko av oljeinntektene for å finansiere naudsynt omstilling – feiling og utprøving av ny teknologi for næringslivet – slik at det ikkje blir landbruket eller anna næringsliv som må bera kostnaden ved omstilling.
- utvide BIONOVAs mandat og midlar til å utvikle verdiskaping knytt til karbonfangst i skog, jord og hav.
- etablere biokullanlegg og gi støtte til lokale utgreiingar om dette.
- innføre eit nasjonalt karbontilskot (omvendt CO₂-avgift) for binding og lagring av karbon i jordbruket, i staden for å påleggje biologiske produksjonar CO₂-avgift.
Vedtatt av fylkesårsmøtet til Oppland Senterparti 8. mars 2026