Senterpartiet vil endre skattepolitikken i heile Norge – for folk og næring
Det norske skattesystemet skal vere rettferdig og lettfatteleg, og det skal bygge opp under arbeid, ansvar og sparing.
I dag opplever mange at dei ikkje blir skattlagt for kva dei tener. For folk som har arbeidd eit heilt liv, har nedbetalt gjeld og bygd opp ein heim, eit bruk eller ei familiebedrift, kan formuesskatten vera ein skatt som kan vera med på å gi økonomisk utryggheit. Det kan ikkje vera slik at du må risikere å selja bustad, småbruk eller familieeigedom fordi likningsverdien har auka, medan inntekta står stille.
Hovudregelen må i hovudsak vera at skatt skal betalast ut frå faktisk inntekt, og ikkje ut frå verdiar som ikkje gir kontantstraum. Dette gjeld også for næringslivet.
Senterpartiet er eit næringsparti. For Senterpartiet er det viktig at staten skal vera ein tilretteleggjar for næringsutvikling og verdiskaping. Eit stadig meir omfattande byråkrati, høgare skattar og rammevilkår som har vore skiftande, har gjort det krevjande for næringslivet. For å stimulere bedriftseigarar, arbeidstakarar og gründerar er det behov for ein næringsreform. Dette vil kunne gje for verdiskaping og nye arbeidsplassar over heile landet.
Dagens innretning av formuesskatten er problematisk fordi den reduserer investeringsviljen i bedrifter som har norsk eigarskap. Dette er særleg utfordrande for bedrifter som er kapitalintensive og som har låg likviditet. Senterpartiet ønskjer reduksjon og ei innretning på formuesskatten som legg til rette for investeringsvilje og norsk eigarskap. Utanlandske eigarar slepp formuesskatten, og det blir ei uheldig konkurransevriding. Dette gjeld alt frå store nasjonale selskap til mindre lokale handverkbedrifter. I staden for nasjonalt eigarskap og desentralisering av makt og kapital får vi det motsette.
Aukande byråkrati og krevjande reguleringar har gjort at det offentlege ikkje lenger spelar på lag med næringslivet. Staten må redusere kostnadsdrivarane, og byråkratiet må slankast. Næringslivet, landbruket inkludert, skal ha fokus på å produsere og ikkje rapportere.
Oppland Senterparti meiner det hastar med å gjennomføre følgande punkt i stortingsvalprogrammet 2025-2029:
- redusere formuesskatten for eigarar av små og mellomstore bedrifter, mellom anna gjennom auka botnfrådrag og verdisetjingsrabattar.
- halde bedriftsskattlegginga på eit nivå som bidreg til at bedrifter held oppe verksemda si i Noreg, og at overskotet blir reinvestert i bedriftene.
- skjerme primærbustader med vanleg standard i skattesystemet og gå imot innføring av statleg eigedomsskatt.
- redusere offentlege rapporteringskrav ved å nytte dei moglegheitene som ligg i digitalisering og forenkling.
- at staten skal vera ein tilretteleggjar og ein lagspelar for å sørgje for etablering og styrking av lokalt næringsliv over heile landet.
- gjennomføre endringar som gir kommunane større kontroll over eigne inntekter og ha ein friare kommunal skatteprosent innanfor nasjonale rammer.
- gjere det mogleg for kommunar å setje eigedomsskatt på berre fritidsbustader og differensiere eigedomsskatt for bustad og fritid.
Vedtatt av fylkesårsmøtet til Oppland Senterparti 8. mars 2026