Gå til hovedinnhold

Ungdom skal ikkje berre høyrast, dei skal takast på alvor

I Noreg er vi så heldige at vi har demokrati, men likevel ser vi at demokratiet sviktar dei unge. I fleire tilfelle har unge prøvd å nå fram med stemma si, men politikarane går i motsett retning. Det endar fort med at unge ikkje tør å ytre meiningane sine, eller at dei kjenner at dei må endre meiningane sine for i det heile tatt å bli høyrt.

Etter fylkessamanslåinga har det skjedd mykje i Innlandet fylkeskommune. Det største er at to vidaregåande skular og fire utdanningsstader har blitt lagt ned. Dette førte til stor misnøye, særleg blant ungdom, men også generelt blant folk i distriktet.

I 2023 gjennomførte fylkeskommunen fire medverknadskonferansar der den nye Innlandsstrategien vart diskutert. Hovudspørsmålet var korleis det nye fylket skulle sjå ut. Ungdomsråd i heile fylket var inviterte til å delta for å vise sine interesser for det nye fylket. Bodskapen frå ungdommen var tydeleg. I punkt 2.2.1 i oppsummeringsrapporten frå medverknadskonferansane kom det fram at sentralisering vart peika på som den største utfordringa for framtida. Ei anna utfordring var skulereduksjon.

Prosessen for Innlandsstrategien verka demokratisk, men realiteten var at den viktigaste saka for unge ikkje var ivareteken. Det blir feil å invitere til ein medverknadsprosess for å høyre på kva folk seier, og så gjere det motsette berre året etter. Dette svekkjer tilliten til folkevalde.

Unge meiningar skal også kome fram og bli tekne på alvor, og folkevalde bør spegle dette i politikken sin. Det er dei unge som er framtida, så la oss lytte til kva slags framtid dei ønskjer. La oss gje dei eit tryggare samfunn å ytre meiningar i. Unge skal ikkje kjenne seg pressa til å meine det same som vaksne i maktposisjonar.

Senterpartiet har alltid vore for levande lokalsamfunn og desentralisering. Me må stå opp for ungdommen og sikre ei framtid der dei bur.

Senterpartiet vil:

  • at folkevalde fører ein politikk i tråd med det dei gjekk til val på.
  • at det blir gjennomført faste samlingar for alle folkevalde, med vekt på demokratisk forplikting i sitt lokalsamfunn.
  • at medverknad frå ungdom skal vera reell og få konkrete konsekvensar i politiske vedtak.
  • at ungdom skal ha reell påverknad i saker som gjeld framtida deira, som skule, samferdsel og tenestetilbod, og ikkje bli pressa til å tilpasse meiningane sine til vaksne i maktposisjonar.
  • at ungdom skal kjenne at engasjement faktisk nyttar.

Vedtatt av fylkesårsmøtet til Oppland Senterparti 8. mars 2026