Meny
Vedtatte Resolusjoner Fylkesårsmøtet 2020

FOLKERØYSTING OM INNLANDET FYLKESKOMMUNE I 2021

14.03.2024

Senterpartiet har både regionalt og nasjonalt gått i mot samanslåinga av Hedmark fylke og Oppland fylke. Eit stort fleirtal i fylkestinga i både Oppland og Hedmark sa nei til samanslåing, medan Stortinget vedtok samanslåing med eit knapt fleirtal.

I «politisk plattform for Innlandet fylkeskommune», som er ei avtale  mellom Arbeiderpartiet og Senterpartiet sine grupper i Innlandet fylkesting, står det at Innlandet fylkesting «på nytt» skal «ta opp og ta stilling til» om det er ønskjeleg å reversere samanslåinga, dersom det kjem eit initiativ frå Stortinget om det.

Det vil ikkje koma noko slik initiativ frå nåverande fleirtal på Stortinget. Innlandet Fylkesting kan difor ikkje ta stilling til dette spørsmålet før etter valet i 2021. Men med eit nytt fleirtal på Stortinget vil det kunne koma eit slik initiativ.

Dersom det etter valet i 2021 kjem eit slik initiativ, meiner Oppland Senterparti at det er viktig at Innlandet fylkesting har eit best mogleg grunnlag for å kunne ta stilling til dette spørsmålet.

Oppland Senterparti meiner difor at det i samband med Stortings-valet i 2021 må haldast ei rådgjevande folkerøysting om ei oppløysing av Innlandet fylkeskommune.

Vedtatt av fylkesårsmøtet til Oppland Senterparti 2020