Meny
Vedtatte Resolusjoner Fylkesårsmøtet 2023

Medisin mot veterinærvaktkrisa

14.03.2024

I Lov om veterinærer og annet dyrehelsepersonell § 3a står det: “Kommunene skal sørge for tilfredsstillende tilgang på tjenester fra dyrehelsepersonell. Kommunene har ansvar for å organisere en klinisk veterinærvakt utenom ordinær arbeidstid.” 

Mange kommunar klarar ikkje å fylle veterinærvakta, og overheld difor heller ikkje lova. Dette fører til at dyr og eigar ikkje får den hjelpa dei treng, og i nokre tilfelle døyr dyra før veterinæren kjem.

Veterinærane seier at dei ikkje ynskjer å deltaka i vaktordninga på grunn av for stor arbeidsmengd og dårleg løn. I tillegg syner ei undersøking gjort at Den norske veterinærforeinings studieforeining at 86% av veterinærstudentane er villige til å gå inn i vaktordninga, dersom dei får god nok kompensasjon (Norsk veterinærtidsskrift, 01/2023). Det er viktig for både dyrevelferda, den mentale helsa til bøndene og veterinærane i vakt at det skjer forbetringar!

Veterinærar tek på seg vaktordning i tillegg til ordinært arbeid. Der det er mangel på veterinærar på dagtid, klarar dei ikkje å dekke opp vaktene på kveldane, nettene og i helgene. Å utdanne fleire veterinærar kvart år er ikkje nødvendigvis ei løysing på problemet, då dette vil gje studentane mindre oppfølging og praktisk øving i studiet. I staden lyt ein ha gode vilkår i vaktordninga for å stimulere til at veterinærane ynskjer å deltaka i ho. For å sikre at arbeidsmengda ikkje vert for stor, at vaktordninga ikkje er sårbar for uventa hendingar, og at det er veterinærar på vakt heile tida, bør det vera eit minimumskrav med firedelt vakt.

Enkle økonomiske grep som utgjer ein stor forskjell vil vera å auka potten for søkbart stimuleringstilskot, samt etablere ei statleg stipendordning for nyutdanna veterinærar som går inn i vaktordninga. Å starte opp i produksjonsdyrpraksis krev store investeringar, sidan ein er sjølvstendig næringsdrivande. Veterinærar har allereie høg studiegjeld etter seks år på skulebenken, og ofte har dei lite eigenkapital. Difor meiner vi at det ville vera ein fordel for rekrutteringa at ein òg får reduksjon av studiegjelda om ein deltek i vaktordninga. 

Levande landbruk i heile landet er viktig! Difor er det også viktig med veterinærdekning i heile landet, for å sikre dyrehelsa og dyrevelferda, samt vidare folkehelsa. Slik er det ikkje i dag. Det må på plass betre løysingar for å gjere det attraktivt og gå inn i veterinærvakta.

Om norsk landbruk skal vera liv laga, er vi også nøydd til å ta tak i veterinærvaktkrisa! 

Hedmark Senterparti og Oppland Senterparti meiner at: 

  • Løysinga på veterinærvaktkrisa ikkje er å utdanne fleire veterinærar, men at det vert gjort attraktivt for allereie kvalifisert personell å gå inn i vaktordninga
  • Vakthonoraret for alle veterinærar i vakt bør aukast
  • Ei firedelt vakt i alle vaktdistrikt skal vera eit minimumskrav
  • Potten for kommunalt søkbare stimuleringstilskot til veterinærdekning bør aukast for å møte kommunane si etterspurnad i større grad.
  • Det bør opprettast ei statleg stipendordning for nyutdanna veterinærar som går inn i vaktordninga. I tillegg bør studiegjelda deira reduserast etter etablert modell frå Finnmark og Nord-Troms
  • Det bør opprettast ei organisert bakvakt for nyutdanna veterinærar i startfasa. Denne bakvakta skal kompenserast økonomisk
  • Det offentlege må i fellesskap sørge for at det finnast næringsgrunnlag på dagtid for å sysselsetja veterinærane som inngår i vaktordninga

Vedtatt på fylksårsmøtet til Oppland og Hedmark Senterparti 2023