Meny
Vedtatte Resolusjoner Fylkesårsmøtet 2024

Vald i nære relasjonar - vi ser det ikkje før vi trur det!

11.03.2024

Den seinaste tida har vi blitt kjent med alvorlege hendingar, vald i dei relasjonane som skulle vera dei tryggaste vi hadde, vald mot barn, mot gravide, mot omsorgspersonen til eigne barn. Mange saker med tragisk utfall og med store ringverknader. Og dette er berre toppen av eit isfjell!

Det er diverre slik at mange parforhold og familiar er prega av vald av ulikt slag. Fysisk vald, psykisk vald og/eller seksualisert vald. Å leve med redsel i det daglege, pregar både vaksne og barn. Å sjå mor bli slått, er like skadeleg som å bli slått sjølv. Familien som skulle vera ein trygg base for store og små, blir i heimar prega av vald, eit meir lukka miljø som har preg av skam, kontroll og usunne røyndomar. Foreldra som skulle vera tilgjengelege som trygge vaksne, blir utrygge. Dette er vondt, og det kan medføra blant anna psykisk strev.

I periodar med ekstra utfordringar knytta til for eksempel dårleg økonomi, sjukdom eller skilsmisse er desse familiane ekstra sårbare. Stort stress kan utløyse ekstra alvorlege valdshandlingar. Korleis gjera noko med det?

Personar som oppsøkjer politiet og som gjev forklaring på korleis dei blir utsett for vald og truslar frå ein anna person, må takast på alvor. Det kan ikkje vera den valdsutsette som må ta ansvar for å halde seg vekke, men valdsutøvaren som må få tydelege restriksjonar.

Vi må fortsetje å satse på helsetenesta i alle kommunar, frå jordmor og helsesjukepleiar til barnevern og psykolog. Å bli kjent med korleis familiane, kan skape tillit som gjer at ein kan tørre å søke hjelp når store og små har det vanskeleg.

Familievernkontora som er eit gratis lågterskeltilbod med tilbod til par og familiar i strevsame livsfasar må få auka kapasitet. Desse kontora har ansvar for mekling når foreldre skal flytta frå kvarandre, og vil kunne ha ein viktig rolle som hjelp når det er fare for vald. I tillegg har dei blant anna sinnemeistringskurs som hjelper mange. Kirkens familievernkontor melder at alle familievernkontor no ser seg nøydde til å trappe ned tilbod og at dette særleg kan råke distriktskontor. (For Oppland handlar dette om den eine dagen i veka som kontoret er opent på Gran og på Fagernes) Dette er enno eit eksempel på at tilbodet i distriktet blir utarma.

Oppland Senterparti vil at:

  • Vald i nære relasjonar skal takast på alvor, fordi det gjev sår hjå enkeltmenneske og familiar. Vald skjer i alle samfunnslag, og varar i generasjonar.
  • Helsetenesta må få styrka ressursar for å ha fokus på førebygging av vald.
  • Politiet treng styrking og lovheimel for tiltak som gjev vern for dei som er utsette for vald og truslar.
  • Familievernkontora skal styrkast for å kunne gje hjelp til vaksne og barn i krevjande tider, og for å oppdage og forebygge vald.

Vedtatt av fylkesårsmøtet til Oppland Senterparti 2024